Hopp til innhald

Fagstoff

Ytringsfridom under press

I delar av verda er demokrati, pressefridom og ytringsfridom i dag under eit stadig større press. Kvifor blir ytringsfridommen og pressefridommen innskrenka? Korleis påverkar dette arbeidsforholda til journalistar?
To menn står med ryggen til og viser skadar etter slag på ryggen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ytringsfridom under press

I 2021 blei dei to afghanske journalistane Neamatullah Naqdi og Taqi Daryabi banka opp og arresterte då dei dekte ein kvinnedemonstrasjon i Kabul i Afghanistan. Dette er arbeidsforholda journalistar i enkelte land må arbeide under. Styresmakter som er skeptiske til kritiske medium, tyr gjerne til vald og vilkårlege arrestasjonar for å kneble regimekritikarar.

Ytringsfridom og pressefridom

I eit demokrati er ytringsfridom eit overordna prinsipp og handlar om retten og fridommen til å gi uttrykk for det vi meiner på den måten vi sjølv ønskjer. Dette inneber kritikk av styresmakter og urett i samfunnet. Pressefridom inneber at pressa og journalistar har rett til å drive med informasjon, kritikk og debatt utan sensur.

I dag er pressefridommen og tryggleiken til journalistar under eit aukande press. Amnesty International Norge fryktar for ei meir autoritær retning, der journalistar og andre forkjemparar for ytringsfridommen blir knebla, sette i fengsel eller i verste fall drepne. I 2020 blei 50 journalistar drepne medan dei var på jobb.

Det er òg ein tendens til at medium i ulike land blir underlagde statleg kontroll, slik at folket blir servert dei nyheitene styresmaktene ønskjer at dei skal få. Det er ikkje uvanleg at nettsider blir stengde eller internettilgang blir kutta. Journalistar som er regimekritiske, kan utsetjast for svertekampanjar eller blir skylda for å vere utanlandske agentar.

Tenk etter

  • Kor mange journalistar trur du blei drepne mellom åra 2011–2020?

  • I kva land trur du desse journalistane har blitt drepne?

  • Kor mange journalistar trur du har blitt fengsla i 2021?

Svar på spørsmåla finn du i denne oversikta frå Reportere uten grenser.

Kvifor er pressefridom og ytringsfridom så viktig?

Ein sterkt prega flyktning ber barna sine frå ein gummibåt og på land. Familiefaren står og held rundt to av barna sine omkransa av dei andre. Ansiktet hans uttrykkjer ei blanding av fortviling og letnad. Foto.

Journalistar og pressa kan bidra til å avdekkje menneskerettsbrot, setje søkjelys på urett og tvinge verdssamfunnet til å handle. Derfor er det viktig at både journalistar og andre medieforteljarar synleggjer at mange menneske i verda manglar grunnleggjande menneskerettar.

I mange tilfelle har journalistar avslørt maktmisbruk, valdsbruk, korrupsjon og fridomskrenking. Medium bidreg òg til å gi menneske eit ansikt vi kan identifisere oss med og skape ei forståing av situasjonar og lidingar menneske går gjennom.

I videoen nedanfor kan du sjå kva ytringsfridommen betyr for menneske, kva utfordringar ytringsfridommen står overfor, og kva forhold journalistar jobbar under i delar av verda i dag.

Tenk etter

  • Tek vi ytringsfridom for gitt i Noreg i dag?

  • Kor viktig er ytringsfridommen for deg?

  • Kunne du jobba som journalist i eit land der presse- og ytringsfridommen er under press? Kvifor? Kvifor ikkje?

Kjelder

Kierulf A., Gisle J. & Elden J.C. (2021, 3. november). Ytringsfrihet. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/ytringsfrihet

Matre J. & Johnsen M. (2021, 10. desember). Pressefriheten blir truet verden rundt. I VG. Henta frå https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/x87d3v/pressefriheten-trues-verden-rundt

Paszkiewicz Z. & Reiså M. (2021, 16. september). Dekket demonstrasjon i Kabul, banket opp. I NRK Urix. Henta frå https://www.nrk.no/urix/journalister-pa-jobb-banket-opp-1.15644235

Pressefrihet (2021, 10. oktober). I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/pressefrihet

Reporters without Borders (2021). https://rsf.org/en

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2021

Læringsressursar

Propaganda og politisk reklame