Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Korleis kan eg vere nazist?"

Berre timar før Russland begynner å invadere Ukraina, vender den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj seg til det russiske folket i ein tv-tale og ber om fred. Les, høyr og analyser talen.
Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj står på ein talarstol i eit møte mellom EU og Ukraina i 2019. Han har kort, mørkt hår og brune auge og har på seg ein mørk dress, mørkeblått slips og kvit skjorte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj blir hylla som den neste Winston Churchill for talane sine. I denne oppgåva skal de skrive ein retorisk analyse av talen Zelenskyj heldt til det russiske folket den 23. februar 2022, berre timar før Russland invaderte landet hans.

Del 1. Kva kan de frå før?

  1. Diskuter med medelevar: Kva kjenneteiknar ein god talar?

  2. Kven var Winston Churchill? Kva var det han oppnådde med talane sine under andre verdskrigen?

  3. Kva veit de om den russiske invasjonen av Ukraina?

Del 2. Beskriv den retoriske situasjonen

Kva kjenneteiknar den retoriske situasjonen for denne talen? Beskriv kva som er Zelenskyjs

  • påtrengande problem

  • retoriske publikum

  • tvingande omstende

NB! Hugs å vurdere kjeldene de bruker for å finne informasjon om invasjonen.

Aktuelle ressursar:

Relatert innhald

Den retoriske situasjonen er heilt avgjerande for innhaldet i den retoriske teksten og korleis han blir motteken. Kva består den retoriske situasjonen av?

Ei kjelde kan gi nyttig informasjon. Bruker du riktig kjelde, og kven står eigentleg bak denne informasjonen? Lær meir om kjelder og kjeldekritikk.

Del 3. Sjå og les talen

Skriv ned og/eller strek under det de legg merke til mens de ser eller les teksten. De treng notata til analysen.

Artikkel med utdrag

Denne artikkelen i Aftenposten inneheld kommenterte utdrag frå talen:

Aftenposten: Ukrainas president i kjensleladd TV-tale på russisk: "Korleis kan eg vere nazist?"

Video med talen til Zelenskyj

YouTube-videoen inneheld president Zelenskyjs tale på russisk, med engelsk undertekst:

YouTube: President Zelensky's speech to the Russian people

Heile teksten i norsk omsetjing

I tillegg kan du lese heile talen i norsk omsetjing:

"Korleis kan eg vere nazist?"

I dag tok eg initiativet til ein telefonsamtale med Russlands president. Resultatet? Tausheit. Men eigentleg burde det heller vore stille i Donbas. Derfor kjem eg med ein appell til det russiske folket. Ikkje som president. Men som borgar av Ukraina.

Vi deler meir enn 2000 km grense. Langsmed denne grensa står hæren dykkar – nesten 200 000 soldatar, og tusen militære køyretøy. Leiarane dykkar har godkjent at denne hæren kan krysse grensene til eit anna land. Dette steget kan vere starten på ein stor krig på det europeiske kontinentet.

Heile verda snakkar om kva som kan skje dei kommande dagane. Ei årsak til konflikt kan oppstå når som helst, kva hending eller provokasjon som helst kan vere gneisten som utløyser ein øydeleggande brann. De har blitt fortalde at denne brannen vil gi fridom til det ukrainske folket. Men det ukrainske folket er allereie fritt. Det hugsar fortida si, og det vil bygge si eiga framtid. Det ukrainske folket bygger framtida, det øydelegg ho ikkje, sjølv om de blir fortalde det motsette på tv kvar einaste dag. Ukraina i nyheitssendingane dykkar og Ukraina i verkelegheita er to heilt ulike land. Den viktigaste forskjellen er at vårt Ukraina er verkeleg.

De blir fortalde at vi er nazistar. Men korleis kan ein nasjon bli kalla nazistisk når han har ofra meir enn åtte millionar liv for å utrydde nazismen? Korleis kan eg vere nazist? Sei det til bestefar min, som under heile andre verdskrigen var infanterist i Den raude armé og som døydde som oberst i eit uavhengig Ukraina.

De blir fortalde at vi hatar russisk kultur. Men korleis kan ein hate ein kultur? Naboar vil alltid berike kvarandre kulturelt. Det gjer dei ikkje til eitt folk, men det gir heller ikkje grunnlag for å dele inn menneske i "oss" og "dei". Vi er ulike, men denne ulikskapen er ingen grunn å vere fiendar. Vi vil velje vår eigen veg og bygge vår eiga historie. Fredeleg, roleg og ærleg.

De blir fortalde at eg har tenkt å gi ordre om eit angrep på Donbas. Ordre til å skyte. Til å bombe. Sjølv om det finst spørsmål – og dei er veldig enkle: Ordre til å skyte kven? Til å bombe kva? Donetsk? Der eg har vore mange gonger? Eg har sett ansikta og auga til dei som bur der. Artyoma-gata, der eg har gått saman med venner ? Donbas Arena, der eg, saman med mange andre, heia på fotballandslaget vårt under europameisterskapen? Sjtsjerbakov-parken, der eg drakk saman med venner då gutane våre tapte? Luhansk? Staden der mora til den beste vennen min bur? Staden der far hans er gravlagd?

Eg snakkar på russisk til dykk no. Likevel der det ingen i Russland som kjenner til dei namna, gatene og hendingane eg snakkar om. Dei er framande og ukjende for dykk. Dette er vårt land. Dette er vår historie. Kva vil de kjempe for? Og mot kven?

Mange av dykk har besøkt Ukraina før, og mange av dykk har slektningar her i Ukraina. Nokre av dykk har studert ved universiteta våre. Blitt venner med ukrainarar. De kjenner karakteren vår, folket vårt og prinsippa våre. De veit kva vi verdset høgast. Derfor: Lytt til dykkar eiga indre stemme, til argument, til sunn fornuft. Lytt til oss.

Det ukrainske folket ønsker fred. Ukrainske styresmakter ønsker fred. Vi ønsker fred, og vi skaper fred. Vi gjer alt som står i vår makt for å få det til.

Vi er ikkje aleine, det er sant. Ukraina får støtte frå mange land. Kvifor? Fordi dette ikkje handlar om fred til kva pris som helst. Vi snakkar om fred, om prinsipp og om rettferd. Om internasjonal folkerett, om sjølvråderett, om retten til å bestemme si eiga framtid. Om tryggleiken som alle samfunn har krav på, og om retten kvar enkelt har til eit liv utan truslar. Alt dette er viktig for oss. Alt dette er viktig for fred. Eg veit at det òg er viktig for dykk.

Vi ønsker ingen krig. Ingen kald krig, ingen varm krig, ingen hybridkrig. Men viss vi blir angripne av soldatar, viss dei prøver å ta landet vårt, fridommen vår, livet vårt eller livet til barna våre, vil vi forsvare oss. Vi angrip ikkje, vi forsvarer oss. Angrip de oss, vil de sjå ansikta våre. Ikkje ryggane – ansikta våre.

Krig er ei stor ulykke, og han har ein høg pris på alle moglege måtar: Folk mistar pengane sine, ryktet sitt. Dei mistar livskvaliteten, fridommen – og det viktigaste: Dei mistar sine kjære – og seg sjølv. Krig fører alltid til tap og mangel på mange ting. Det einaste som finst i overflod, er smerte, skit, blod og død. Og tusenvis, titusenvis av døde.

De har blitt fortalde at Ukraina er ein trussel mot Russland. Det var ikkje sant før, det er ikkje sant no, og det kjem heller ikkje til å vere sant i framtida. De vil ha tryggingsgarantiar frå NATO. Vi vil òg ha garantiar for tryggleiken vår. Frå dykk. Frå Russland, og frå dei statane som har underteikna Budapest-memorandumet.

I dag er vi ikkje medlem i nokon tryggingsallianse. Ukrainas tryggleik heng saman med tryggleiken til nabolanda. Det er derfor vi no snakkar om tryggleiken til heile Europa. Men hovudmålet vårt er fred i Ukraina, og tryggleiken til innbyggarane våre. Vi vil at alle skal vite dette, også de. Ein krig tek frå oss alle garantiar. Ingen vil vere garantert tryggleik.

Kven vil lide mest? Folket. Kven er mest imot krig? Folket. Kven kan stoppe han? Folket. Finst det slike menneske blant dykk? Eg er sikker på det. Offentlege personar som journalistar, musikarar, skodespelarar, idrettsutøvarar, forskarar, legar, bloggarar, stand-up-komikarar, TikTok-arar og fleire. Vanlege folk, enkle folk, menn, kvinner, gamle, unge, fedrar og – aller viktigast – mødrer.

Folk i Ukraina er like mykje imot krig – same kor mykje nokon prøver å overtyde dykk om det motsette.

Eg veit at denne talen ikkje vil bli vist på russisk fjernsyn, men det russiske folket må sjå han. Det må få vite sanninga. Og sanninga er at dette må stoppe før det er for seint.

Viss styresmaktene i Russland ikkje vil snakke med oss for å få til fred, kanskje dei vil snakke med dykk. Vil folket i Russland ha krig? Eg skulle gjerne kunna svare på dette spørsmålet. Men svaret må komme frå dykk: det russiske folk.

Takk

Talen er transkribert og omsett til norsk av Mari-Jeanne Schjetne og Malin Sanden.

Del 4. Kva for verkemiddel bruker Volodymyr Zelenskyj?

Ta utgangspunkt i den norske omsetjinga.

  1. Finn døme på bruk av gjentakingar, metaforar, kontrastar og direkte henvending til publikum. Sjå også på setningane: Har dei noko felles når det gjeld lengde, oppbygning osv.?

  2. Kva er Zelenskyjs ?

  3. Korleis bygger Zelenskyj opp etosen sin i talen?

  4. Korleis appellerer han til kjensler? Beskriv verkemidla som skaper patosappell.

  5. Kva for fakta og saksargument bruker Zelenskyj for å overtyde tilhøyrarane?

Relatert innhald

Del 5. Skriv analysen

Bruk notata dine som utgangspunkt for å skrive ein retorisk analyse. Du finn støtte til skrivinga i denne steg-for-steg-gjennomgangen med tekstdøme:

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2022

Læringsressursar

Propaganda og politisk reklame