Norsk (SF vg3)
Bygger på:Norsk (SF vg2)ogNorsk (SF vg1)
Kritisk tilnærming til tekst
Korleis blir du påverka av tekstane rundt deg? I ei digital verd der alle kan produsere og konsumere uendeleg med tekstar, er det viktig at vi kan vurdere truverdet i tekstar. På same tid bør vi opptre etisk og reflektert i vår eigen kommunikasjon med andre.
Propaganda og politisk reklame
Formålet med politisk kommunikasjon er å spreie informasjon om kva partia står for, byggje eit godt omdømme og påverke veljaråtferd. Propaganda er bevisst manipulering av folk sine tankar og kjensler, gjerne med forenkla framsyningar utan nyansar.