Hopp til innhald

Fagstoff

Om faget – for læraren

Faget produktutvikling og skapande prosessar er utvikla i tråd med Kunnskapsløftet 2020. Vi har teke utgangspunkt i både overordna og fagspesifikk del av læreplanen: kompetansemål, skildring av fagrelevans og sentrale verdiar, kjerneelement, tverrfaglege tema og grunnleggande ferdigheiter.
Tekstilprøver og idéutvikling til klesdesign. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis finne fram i faget?

Når du går inn på handverk, design og produktutvikling vg1 på NDLAs hovudside, vil du få opp ein inngang for kvart enkelt programfag. Klikkar du deg inn på eit programfag, får du opp ei oversikt over emna i det aktuelle faget.

Emne med tilhøyrande artiklar og oppgåver

Går du inn i eit emne, finn du ei opplisting av fagartiklar og oppgåver som høyrer til emnet. Nokre av emna er delte opp i underemne. Då vil du finne artiklar og oppgåver når du klikkar deg vidare til dei enkelte underemna.

Menyvisning, språkveljar og fritekstsøk

Øvst på kvar side finn du ein knapp med knappeteksten Meny. Til høgre for menyknappen finn du språkveljaren og søkefunksjonen. Klikkar du på menyknappen, får du opp ei oversikt over innhaldet i faget. Språkveljaren lèt deg velje bokmåls- eller nynorskversjon av innhaldet, og søkefunksjonen kan du bruke til søk i faget og på heile ndla.no.

Søk på innhald knytt til same kompetansemål

Det er òg mogleg å søke og sortere innhald etter kompetansemål. Det gjer du enklast ved å gå inn på fagframsida og klikke på det vesle ikonet Vis kompetansemål, som er plassert rett under namnet på faget.

Tilvalsstoff

Enkelte emne har òg tilvalsstoff. I så fall kjem det opp ein knapp til høgre over lista med faginnhald, slik at kan du velje om dette tilvalsstoffet skal vere synleg eller ei.

Innhald

På NDLA finn du både fagartiklar, filmar, podkastar, eit virtuelt biletgalleri og utforskande og yrkesretta oppgåver for utdanningsprogrammet handverk, design og produktutvikling vg1. Her må du velje ut ressursar som passar til elevgruppa og til årsplanen til skulen.

Ressursane i faget produktutvikling og skapande prosessar dekker kompetansemåla og gir høve til yrkesfagleg fordjuping. Ved å klikke på "Vis kompetansemål" vil du få opp korleis kvar enkelt ressurs er kopla til læreplanen.

Læringsressursane er forankra i verdigrunnlaget frå overordna del av læreplanen. Det betyr at du vil finne fagressursar som skal få elevane til å utforske, vere kreative og skapande. Vi har vektlagt idéutvikling og designprosessar der elevane er aktive og jobbar kreativt, både individuelt og saman med andre. Elevane blir utfordra til å reflektere, sjå etter samanhengar og vurdere eigne arbeidsprosessar.

Kvinne og mann på ein verkstad; dei jobbar med ein keramikkvase som ikkje er brend enda. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elevane treng grunnleggande kunnskapar innan design, visualisering, form og farge, uavhengig av kva materialområde dei skal jobbe med. Kvart av desse hovudemna er delt inn i aktuelle underemne.

Trendar kan påverke produktutvikling. I dette emnet blir elevane betre kjende med omgrepet og kan jobbe med oppgåver om trendar innan fargar eller bruksform og dekor.

Stilhistorie skal brukast som inspirasjon til eiga produktutvikling. Vi har valt å behalde ein kronologisk presentasjon av ulike stilperiodar. Her er det ikkje tenkt at elevane skal gå gjennom alle ressursane, men at du kan gjere eit utval og bruke stilhistoria som inngang til skapande arbeid.

Nærbilete av to mannehender som held ei klubbe og eit handjern. Handjernet blir brukt til å forme eit stort arbeidsstykke i lyst tremateriale. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kulturuttrykk kan òg gi inspirasjon. I emnet kultur og tradisjon ser vi på tradisjonshandverk og på korleis kultur er med på å forme identitet. Elevane skal òg reflektere over dilemma som kan oppstå i spennet mellom tradisjon og nyskaping. I emnet kultur og tradisjon finn du òg eit eige delemne om samisk tradisjonshandverk.

Hylster av bein, med ei skinnreim trædd gjennom beinet. Denne skinnreima kan ein feste synåler i. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommunikasjon har blitt eit eige hovudemne. Her finn du eit arbeidsoppdrag om politiske og ideologiske ytringar i handverk. Vi ser generelt på kva kommunikasjon er, før vi går nærare inn på intern og ekstern kommunikasjon. Her skal elevane bli klare over korleis kommunikasjon blir brukt på arbeidsplassen og i møte med kundar og leverandørar.

Vi ser òg på kommunikasjon som eit verktøy i kreative prosessar, i relasjonsbygging og konflikthandtering. Visuell kommunikasjon blir i tillegg dekt i hovudemnet om visualisering og i delemnet grafisk design.

Fargepalett og foto av gatekunst og garn er sett saman til eit moodboard. Biletkollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dokumentasjon og presentasjon er ein viktig del av arbeidet med produktutvikling. Elevane skal lære å vurdere kvalitet og eigne arbeidsprosessar, i tillegg til å presentere idéar og produkt.

I samarbeid med Etablerersenteret har vi utvikla eit eige emne om å starte eiga bedrift. Her har vi òg teke med ressursar om prissetting og marknadsføring av produkt.

Modell med strikkegenser, plassert i ein stilisert bjørkeskog. Omarbeidd foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På tvers av fag

Programfaga i handverk, design og produktutvikling vg1 er knytte tett saman. Fleire av ressursane er merkte med kompetansemål på tvers av programfaga. Vi har valt å legge hovudemna visualisering og berekraftig utvikling i begge programfaga sidan dei er òg er viktige i arbeidet med materiale og teknikkar.

Du kan òg la elevane jobbe med problemstillingar dei kan finne svar på ved å bruke ressursar frå fleire fag. Vi har samla fleire slike problemstillingar og casar i eit eige fag: Tverrfaglege tema.

Støtte til læringsarbeid og planlegging

Metodane og tilnærmingane som er skildra i overordna del, gjeld alle fag, og det har vi i NDLA teke på alvor. Vi har derfor laga eit eige "fag" som vi kallar Verktøykassa. Der ligg det ressursar for elevar som kan vere nyttige i læringsarbeidet, og ressursar for lærarar som kan komme godt med i planlegging av undervisning.

Innspel og dialog

Vi ønsker dialog med brukarane våre. Kom gjerne med innspel i Facebookgruppa: Håndverk, design og produktutvikling fra NDLA.no.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 13.08.2023

Læringsressursar

Om faget – for læraren