Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1)
Felles programfag saman med:Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1)
Kommunikasjon
I yrkesfag er vi avhengige av å ha god kommunikasjon med medarbeidarar og kundar. Kommunikasjon mellom tilsette på arbeidsplassen kallar vi intern kommunikasjon, mens ekstern kommunikasjon er kontakt med andre. Visuell kommunikasjon er formidling av idéar og informasjon ved hjelp av bilete og synsinntrykk.
Kva er kommunikasjon?
Vi har ulike former for kommunikasjon. Det kan vere envegskommunikasjon eller dialog. Vi bruker ord både munnleg og skriftleg. Samtidig kan vi kommunisere gjennom kroppsspråk, toneleie, bilete og korleis vi kler oss.