Hopp til innhald
Fagartikkel

Personleg kommunikasjon

Personleg kommunikasjon er kommunikasjon mellom to eller fleire personar som er i direkte kontakt med kvarandre. Deltakarane skifter på rolla som sendar og mottakar. Kommunikasjonen er privat og prega av direkte tilbakemeldingar.
Video: Cylinder Production AS / CC BY 4.0

Direkte tilbakemelding

I ein personleg kommunikasjonssituasjon skiftar personane vanlegvis mellom å vere den som snakkar (avsendaren), og den som lyttar (mottakaren). Deltakarane kan gi direkte tilbakemelding til kvarandre, stille oppfølgingsspørsmål, og presisere kva dei sjølve meinte med det dei sa.

Kommunikasjonen skjer ofte ansikt til ansikt, utan tekniske hjelpemiddel.I slike tilfelle gir ansiktsuttrykk og kroppsspråk signal som styrkar eller svekkjer den bodskapen personane formidlar verbalt.

Privat og ikkje-profesjonell

Personleg kommunikasjon er privat. Det som blir sagt, er ikkje meint for andre enn dei som er til stades. Forma er prega av at dei som kommuniserer, er ikkje-profesjonelle avsendarar. I personleg kommunikasjon gir vi ofte uttrykk for kjensler som misnøye eller begeistring, og vi bruker mange anerkjennande småord og teikn som får samtalen til å gli lettare:

– Seier du det, ja? Ikkje sant? Stilig!

I nokre yrke er det spesielt viktig å vere flink til å kommunisere. Personleg kommunikasjon handlar ikkje berre om å setje ord på eigne tankar, men også om å vere ein god lyttar!

Kommunikasjon på bilverkstaden. Video: Terranova Media / Avgrensa bruksrett

Men vi kan også bruke kommunikative knep som reduserer kor alvorleg vi tek det dei vi snakkar med, seier. Dette blir kalla hersketeknikk. Les meir om dei fem hersketeknikkane (kjonnsforskning.no)

Korleis kommuniserer du med andre?

Du har sikkert opplevd at det har oppstått misforståingar når du kommuniserer med vener eller foreldre. Joharis vindauge er ein kommunikasjonsmodell som blei utvikla på 1950-talet av psykologane Joseph Luft og Harrington Ingham. Modellen gir deg innsikt i korleis du sjølv kommuniserer, og korleis det du seier, verkar på andre.

Video: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

I denne miniforelesninga forklarar psykolog Helga Myseth kommunikasjonsmodellen Joharis vindauge.

Relatert innhald