Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Makta til nåla

Korleis uttrykkjer du kven du er og kva du står for? For mange er det naturleg å gripe til ord og bilete. Her skal de sjå nærare på korleis de kan bruke nål og tråd.

Oppgåve 1

Del 1. Før du ser filmen

  1. Kva forhold har du til broderi?

  2. Viss nokon bad deg brodere noko som seier litt om kven du er, kva hadde du brodert då?

Del 2. Sjå filmen

  1. Kva var formålet med prosjektet Nålens makt?

  2. Kva seier filmen om kvifor broderi og kunst eignar seg til å uttrykkje eigen identitet?

  3. Kvifor set dei eit spesielt fokus på kvinner i dette prosjektet?

Del 3. Uttrykk deg sjølv!

  1. La deg inspirere av filmen Nålens makt, og teikn skisser som viser noko om kven du er ved hjelp av ord, symbol, form og fargar. Vel ei av skissene som du vil gå vidare med. Lag så ei teikning på om lag 15 x 15 cm. Det er ikkje viktig at teikninga er "fin" og detaljert.

  2. Lag ei utstilling i klasserommet med teikningane. Fortel etter tur kva du tenkte då du laga teikninga.

Oppgåve 2

Del 1. Sjå nærare på eit broderi

Gå saman i grupper på to eller tre. Vel eit broderi som de vil presentere for klassen. De kan bruke eitt av broderia under eller gå inn på den digitale utstillinga "Nålens makt" og finne eit anna broderi der.

Innleiing: Presenter broderiet

  1. Har broderiet tittel?

  2. Veit vi kven som har laga det?

  3. Sei litt om samanhengen broderiet vart skapt i og der det er plassert?

Hovuddel: Kva ser de?

  1. Beskriv kort motivet, det de ser i broderiet.

  2. Beskriv dei mest sentrale komposisjonsprinsippa:
    til dømes plassering av motivet og bruk av blikkfang, biletutsnitt, former, vassrette / loddrette / diagonale linjer, fargar, gjentaking og kontrastar.

  3. Viss det er skriftleg tekst i broderiet, kva står det?

Kva betyr det de ser?

  1. Kva var førsteinntrykket dykkar av broderiet?

  2. Kva assosiasjonar får de? Skapar det ei stemning eller kjensler?

  3. Finn de nokre symbol? Kva kan desse bety?

  4. Korleis tolkar de den skriftlege teksten, og korleis fungerer han saman med resten av broderiet?

  5. Kva oppfattar de er temaet i broderiet?

  6. Har broderiet ein bodskap?

  7. Korleis framhevar komposisjonsprinsippa dette innhaldet?

Avslutning: Løft blikket

  1. Korleis er samanhengen mellom komposisjon, bruk av teknikkar og det broderiet formidlar?

  2. Er broderiet aktuelt, viktig, engasjerande, interessant, provoserande? Grunngi svaret dykkar.

Presenter broderiet gruppa har valt for resten av klassen.

Oppgåve 3

Det finst mange ulike typar sting og broderingsteknikkar. Til geriljabroderi blir korssting og kontur- eller stilkesting mykje brukt.

  1. Eksperimenter med ulike typar sting. Ha som mål at du skal lære deg minst ein ny borderingsteknikk. Her kan du finne fleire instruksjonsfilmar på YouTube.

  2. Finn fram teikninga di frå oppgåve 1. Jobb vidare med teikninga, og tilpass ho til korleis du vil bruke ulike broderisting.

  3. Lag broderiet.

  4. Lag ei utstilling av broderia dykkar saman med klassen. La gjerne skisser, teikning og eksperimentering vere ein del av utstillinga, slik at de viser fram litt av arbeidsprosessen.

  5. Skriv ei eigenvurdering der du vurderer handverket ditt og korleis du har brukt broderi til å uttrykkje noko om deg sjølv. Forklar korleis du har brukt ord, symbol, form og fargar og korleis du har sett dette saman.

Innlevering:

  • skisser og teikningar

  • eksperimentering med broderiteknikkar

  • ferdig broderi

  • eigenvurdering

Relatert innhald

Symbol representerer ofte noko abstrakt, ei djupare meining som det ikkje alltid er enkelt å beskrive med ord.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 25.11.2021

Læringsressursar

Visuell kommunikasjon