Visuell identitet
Tenk over: Visualisering handlar om å gjere idéar og prosjekt synlege for andre. Vi fangar opp visuelle uttrykk, både medvite og umedvite. Kva fargar og element får deg til å tenke på bestemte merke eller bedrifter?
Visuell identitet viser kva ei bedrift står for og kva ho ønsker å formidle om seg sjølv. Dette kan også skape tilhøyrsle for dei som jobbar der. Bedrifta må vere tydelege på kven dei er for å nå målgruppa si.
Ein visuell identitet handlar ikkje berre om å gi eit godt førsteinntrykk, men å skape eit heilskapsinntrykk som folk kan kjenne igjen. Korleis ei bedrift designar merkevarebygginga si, er med på å skape ein visuell identitet.
Vippa Mathall er ein matmarknad som samlar menneske rundt forskjellige kjøkken. Det som var eit gammalt skur, er gjort om til ein av dei mest berekraftige matsuksessane i Oslo. Dei har valt ein rustikk stil. Interiøret signaliserer at folk kan komme som dei er.
Mangfald
Vippa Mathall viser at mangfald er ein verdi gjennom veggillustrasjonane sine. Hovudveggen er om lag 8 gonger 35 meter. Blikkfanget er eit ansikt med skjegg og turban. Amandeep Singh, betre kjend som Inkquisitive, måla verket til Turbandagen i 2017. Den indisk-britiske kunstnaren er sikh. For å halde håret på plass bruker mange sikhar ein turban. Dette er ikke påbode, men er blitt vanleg. Turbanen blir også brukt av menn som høyrer til andre religionar. Amandeep Singh seier at "Turbandagen er viktig, spesielt i disse dager hvor turbanen mistolkes og forbindes med noe helt annet enn det den er."
Fokus på berekraft
Bedrifta har ein grøn profil. Dei viser at dei tek omsyn til miljøet ved å dyrke mikrogrønt på området. Slik synleggjer dei forbindelsen mellom dyrkinga og matbuene. Dei gjennomfører sortering av avfall og viser korleis de komposterer matavfall på utsida av mathallen. I staden for eingongsservise bruker dei porselen og bestikk. Alt dette gjer at konseptet blir truverdig.