Hopp til innhald

Fagstoff

Symbol

Eit symbol er eit teikn eller ein gjenstand som vi har lært oss kva betyr. Ofte formidlar eit symbol eit abstrakt innhald. Eit av dei mest brukte symbola i kulturen vår er hjartet. Det får oss til å tenkje på varme kjensler og kjærleik. Symbol kan fungere dekorativt og understreke meiningar.
Nærbilde av symbol på ein primstav. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Symbol

Kva får ei raud rose deg til å tenkje på? Visste du at under den andre verdskrigen vart ein binders brukt som eit teikn på samhald og motstand mot den tyske okkupasjonen?

Med symbol meiner vi i utgangspunktet alle typar teikn som står for noko anna enn seg sjølv − frå matematiske symbol, bokstavar og noteteikn til trafikkskilt, flagg og logoar. Sannsynlegvis bruker du symbol kvar dag, for når du kommuniserer med andre via mobilen, vel du ofte emojiar i staden for bokstavar.

Menneske med emotikon til ansikt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikn alle symbola du kjem på

– for kjensler
– for religionar

Kulturbestemte symbol

Kva eit symbol står for, er vanlegvis kulturbestemt. Eit flagg, til dømes, er eit stykke tøy med eit bestemt mønster i bestemde fargar − iallfall for ein som aldri har sett eit flagg før. Vi må lære kva flagget betyr, på den same måten som vi må lære oss bokstavar og trafikkskilt. Slike kulturbestemde symbol kallar vi gjerne konvensjonelle symbol.

Finsk, norsk, svensk, islandsk og dansk flagg blafrar i vinden. Foto.

Symbol som visuelle teikn

Det som kjenneteiknar eit symbol som visuelt teikn, er at det ikkje finst nokon direkte samanheng mellom teiknet og den røyndomen det representerer. Når vi likevel forstår meininga med teiknet, kjem det av at vi har lært oss kva det betyr.

Likevel er det nok ikkje heilt tilfeldig at det er dua som symboliserer fred, og ikkje hauken eller ørnen. Det same gjeld at ankeret, ein reiskap som sørgjer for at skipet ligg trygt i hamn, symboliserer håpet. Viss vi tenkjer etter, kan vi ofte finne ein samanheng likevel.

Kristne symbol

Krossen er det sterkaste symbolet i kristen tru, men det finst mange fleire. Ankeret står for håp, hjartet for kjærleik. Lammet, fisken og sola er symbol for Kristus, eit auge eller ei hand er symbol for Gud. Dei fleste religionar omgir seg med eit tilsvarande symbolsett.

Ein halvmåne, ein kross og ei davidsstjerne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Solsymbol

Stilisert sol med kors i midten. Symbol.

Sola er eit urgammelt symbol som representerer livet og livskraft. I samisk religion er Beaivi solguden.

I folkeeventyra sprekk trollet i møtet med sola. Dei vonde kreftene toler ikkje dagslys.

Symbol endrar seg

Når samfunnet endrar seg, misser ein del symbol tydinga si. Fruktbarheitssymbol er viktige når menneske er avhengige av det jorda til kvar tid kan framskaffe av vekst og grøde. I det moderne industrisamfunnet er det heilt andre symbol som står sentralt.

Helleristing med fruktbarhetssymbol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Monogram kan òg fungere som symbol

Eit monogram er ei samanstilling av forbokstaver i for- og etternamn. Bokstavane blir sette saman på ein dekorativ måte. Monogram har vorte brukte som dekor i tekstilar, som dukar, sengeklede og klede, og i metallarbeid og glas.

Filigransarbeid i gull festa på svart silkeband. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Bokstaven H og et 7-tall komponert med en krone over. Monogram.

Konge- og dronningmonogram

Monogrammet til kongar og dronningar har som regel forbokstaven saman med talet til den kongelege. Dette blir komponert med ei krone over. Monogrammet til kong Haakon 7 vart eit samlingsmerke for nordmenn under den andre verdskrigen. Det gav håp om siger og fridom.

Kjelde

Elvestad, J., Løvstad, Å. & Strømme L. (2006). Visuelle kunstfag. Gyldendal Norsk Forlag AS.

CC BY-SASkrive av Marion Federl, Cecilie Isaksen Eftedal, Ragna Marie Tørdal og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2020

Læringsressursar

Kultur