Fargane sin eigenkontrast i eit glasmåleri
Prøv ut ulike fargar i flatene på eit glasmåleri. Vurder effekten av fargebruken.
Oppgåve
- Lag utkast til eit glasmåleri i eit teikneprogram.
- Fyll fargeflatene med reine, klåre fargar og prøv ut ulike fargesamansetjingar.
- Prøv ut korleis fargeverknaden endrar seg når du bruker svarte og kvite linjer mellom fargeflatene.
- Vurder eigenkontrasten i dei ulike fargeforslaga.
Alternativt kan du bruke eit foto av eit glasmåleri eller bruke det geometriske mønsteret i biletet under. Eksperimenter med å endre fargane og prøv ut ulike fargesamansetjingar.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2019