Oppgåve
Straumbruk innan IT
Å avgrense straumforbruket er eit viktig tiltak for å redusere miljøavtrykket til IT-utstyret og datasenter i verda. Fornying til meir effektivt utstyr skaper likevel andre berekraftsutfordringar. I desse oppgåvene skal du undersøkje og gjere dine eigne vurderingar om temaet.
Til dei første oppgåvene skal du bruke lista Green500 (top500.org). Denne lista rangerer dei 500 største superdatamaskinene etter kor mykje prosessering dei får gjort per watt med straum dei forbruker (megaflops per watt). Dette er ein måte å vurdere effektivitet på.
Bruk lista Green500 (top500.org) og samanlikn den mest effektive supermaskina frå 2013 med den beste maskina for tre år sidan og dagens mest effektive superdatamaskin.
- Viss superdatamaskinene blir meir og meir effektive, betyr dette at dei største superdatamaskinene i verda i dag bruker mindre straum enn før? Forklar kva du finn ut.
- Gjer undersøkingar på nett og finn ut kor mykje av straumen i verda vi bruker på datasenter og anna datautstyr i dag.
- Datasenter har ein del utstyr som bruker straum. Kva slags utstyr er det, trur du? Lag ei liste med døme.
- Den auka bruk av skytenester er eit argument for reduksjon av energiforbruk, kvifor det?
Nytt datautstyr vil som oftast vere meir energieffektivt, men å gå rett over til nytt utstyr er ikkje alltid eit smart eller berekraftig val. Forklar kvifor.
Ekstraoppgåver
- Energiinnsparing og miljø blir ofte brukt som grunngiving for at nye store datasenter burde bli plassert i Skandinavia, kvifor det?
- Påstand: Kryptoutvinning (mining) er bortkasta bruk av IT-utstyr og straum. Kom med argument for og imot denne påstanden. Berekraft og miljø bør vere sentralt for argumenta.