Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Samfunnsansvar og berekraft i praksisbedrifta mi

Kva seier praksisbedrifta di om samfunnsansvar, og korleis jobbar ho for berekraftig utvikling og vekst?

Oppgåve 1: Samfunnsansvar

  • Kva seier praksisbedrifta di om samfunnsansvaret sitt?
  • Korleis jobbar praksisbedrifta di for å ta sin del av samfunnsansvaret?
Tips
  • Gå til nettsidene til praksisbedrifta di eller nettsidene til kjeda og klikk deg inn på «Om oss», «Verdiar» eller liknande. Dei aller fleste bedrifter seier noko om verdisynet og samfunnsansvaret sitt på slike sider.
  • Korleis jobbar praksisbedrifta med dette i praksis?
Kvinner syr klede på ein fabrikk. Foto.

Oppgåve 2: Berekraftig utvikling og vekst

  • Kva tiltak gjer praksisbedrifta di for å sikre berekraftig drift, utvikling og vekst?
Tips

Kva krav stiller praksisbedrifta di til dei tilsette?

Kva krav stiller praksisbedrifta di til leverandørane sine?

Korleis blir avfall og eventuelt svinn handtert?

Gjer praksisbedrifta di noko for andre i nærmiljøet eller andre stader?

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2020

Læringsressursar

Miljø og berekraft innan IT