Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraft innan IT

Mykje IT-utstyr blir bytte ut kvart år hos norske bedrifter. Til dømes får tilsette ny arbeidsmaskin kvart tredje år eller oftare. Kva tiltak blir i dag gjorde for å gjere IT meir berekraftig, og korleis vil framtida sjå ut?

Diskuter saman

  • IT-utstyr har gjerne ei kort brukstid samanlikna med andre utstyr i ei bedrift. Kvifor er det slik?

  • Trur de at brukstida på IT-utstyr i ei bedrift går opp eller ned? Grunngi.

  • Kva tenkjer de vil vere ein ideell livssyklus for ei berbar datamaskin i dag?

  • Kva manglar vi i dag som kunne ha gjort livssyklusen for IT-utstyr endå lengre?

  • Korleis kan vi få bedrifter til å satse på berekraft innan IT?

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2021

Læringsressursar

Miljø og berekraft innan IT