Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Case: Planlegg radiolink til Raimiti

I dette caset skal du planlegge radiolink til ei lita bygd på atollen Fakarava.
Atoll som ligg rundt ein stor lagune, fotografert ovanfrå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi tilrår at du les sidene under før du startar med caset. Det er òg nyttig å bruke planleggingsverktøy for radiolink, til dømes ISP Design Center.

I Fransk Polynesia ligg atollen Fakarava. Atollen ligg rundt ein stor lagune og er seks mil lang og to mil brei. Nord på atollen er det ein flyplass og tettstaden Rotoava. Her bur halvparten av dei 1700 innbyggarane på atollen.

Lang og smal øy til venstre i biletet, med skog, nokre få hus og ei brygge. Vatnet er klart, og havbotnen skin igjennom der vatnet er grunt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I den søraustlege delen av atollen ligg Raimiti, ei lita idyllisk bygd sentrert rundt eit pensjonat med ni bungalowar. Pensjonatet fokuserer på naturopplevingar og lokalmat. Den siste tida har dei merka at fleire og fleire av gjestene ønsker betre tilgang til breibandsinternett. Dei har derfor kontakta deg for hjelp.

Sør på atollen ligg den større tettstaden Tetamanu. Her er eit knutepunkt for internett i regionen. Det er 13 kilometer i open luftlinje mellom Raimiti og Tetamanu.

Oppgåver

  1. Gjer undersøkingar og lag to forslag til radiolinkinnkjøp. Det eine forslaget skal vektlegge låge kostandar, og det andre forslaget skal vektlegge overføringskapasitet.

  2. Bruk kart og vis kor Raimiti og Tetamanu er, og vis kvar radiolink-"strålen" vil gå mellom desse stadene.

  3. Kva innstillingar tenker du det er naturleg å ha for radiolinken?

  4. Kva anna nettverksutstyr bør kjøpast inn for å få internett ut til gjester og bebuarar i Raimiti? Ta utgangspunkt i at dei ønsker internett i nokre få av dei sentralt plasserte bygningane.

Ekstraoppgåve

  1. Det er nokre praktiske utfordringar ved å setje opp radiolinkar, spesielt når avstanden er stor. Gi nokre tips som kan gjere prosessen enklare.

  2. Ved tidlegare forsøk på å setje opp radiolink var det ikkje mogleg å få ei stabil tilkopling mellom Raimiti og Tetamanu. Utstyret vart montert på to meters pålar, og antennene peikte mot kvarandre. Har du eit forslag til korleis dette kan løysast?

  3. I Tetamanu er det faststraum, men i Raimiti bruker dei ein kombinasjon av aggregat og solceller. Kor mykje straum vil radioutstyret du har foreslått, bruke per døgn? Har du forslag til løysingar som tillèt at utstyret kan køyrast heile tida?

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Trådlause nettverk og radiolenker