Hopp til innhald

Fagstoff

Antennetypar

Antenner blir brukte for å sende ut og få radiobølger og gjere om dei til elektriske signal. Designet påverkar karakteristikken til antenna, til dømes kan signal sendast eller blir mottekne betre frå ei bestemd retning, og kva radiofrekvensar ho sender eller mottek mest effektivt på.
Jente sit i sofa på kaffibar med berbar datamaskin og øyreproppar. Sirklar illustrerer signal mellom datamaskinen, øyreproppane og trådlaus ruter. Manipulert foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lovverket som gjeld kva frekvensar og sendestyrke som kan brukast, er strengt. Til dømes er nokre frekvensar sette av til trådlause nettverk (wifi) på 2,4 og 5 GHz som alle kan bruke, men som er avgrensa i sendestyrke. Her skal vi sjå på nokre sentrale detaljar om antenner og kort introdusere hovudtypane av antenner som vi bruker innan wifi-nettverk og radiolinkar for nettverk.

Antenner er laga for spesifikke frekvensar

Utforminga av ei antenne avgjer kva frekvensar antenna fungerer godt med. Dette vil seie at antenna mottek radiosignal på denne frekvensen betre enn andre, og når antenna blir brukt for å sende ut eit radiosignal, blir dette gjort mest mogleg effektivt. Mest mogleg av sendareffekten radiosendaren vår produserer, skal forlate antenna som radiobølger.

Antennetypar

Vi kan dele antenner opp i to hovudkategoriar: omnidireksjonelle antenner og direksjonelle antenner.

Omnidireksjonelle antenner (rundstråleantenner)

Omnidireksjonelle antenner sender og mottek radiosignal like godt frå alle sider, men ofte dårlegare oppover og nedover. Slike antenner er veldig vanlege i trådlause nettverk. Dei er lette å setje opp og gir god dekning, men rekkevidda er avgrensa.

Direksjonelle antenner (retningsstyrte antenner)

Ei direksjonell antenne er laga slik at ho sender og mottek radiosignal best i ei retning. Slike antenner er mykje brukt i radiolinkar og radiomaster for mobiltelefoni. Sidan direksjonelle antenner fokuserer radiosignalet i ei bestemd retning, blir rekkevidda lengre i den retninga.

Ordinære direksjonelle antenner kan ikkje forandre retninga dei sender radiosignal i. Dette gjer dei upraktiske for utstyr som flyttar på seg, som ein mobiltelefon eller berbar datamaskin. Ei beamformingantenne, som er ei slags direksjonell antenne, bruker fleire antenneelement saman. Ved hjelp av timing og sendestyrke som blir brukt på kvart element, blir radiosignalet sendt i ei bestemd retning. Ved å forandre timing og sendestyrke på nytt kan ei ny retning bli bestemd. Beamforming er i ferd med å bli ein sentral teknologi i trådlause nettverk, mobiltelefoni og satellitt-kommunikasjon.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Trådlause nettverk og radiolenker