Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Om trådlause nettverk

I desse oppgåvene skal du utforske trådlause nettverk.
Jente med mobil står utanfor ein kafé. Kvite sirklar inni kvarandre på mobilen, sirklane skal illustrere signal. Til høgre i biletet er det ei høg bygning med ei antenne på toppen. Signal går ned frå antenna. Foto.

Før du startar med oppgåvene, bør du lese artikkelen "Wifi og aksesspunkt" og artikkelen "Korleis radiosignal blir forstyrra". For meir oppfrisking kan artikkelen "Introduksjon til datanettverk" òg vere nyttig.

  1. Gi nokre døme på stader der vi har trådlause nettverk.

  2. Kva oppgåver har eit aksesspunkt?

  3. Finn eit døme på sjølvstendige aksesspunkt (stand alone) og eit anna døme på aksesspunkt som krev nettverkskontroller.

  4. Finn eit døme på eit aksesspunkt. Kor mange SSID-ar kan det drive samtidig?

  5. Kva er normal rekkevidde på eit wifiaksesspunkt?

  6. Gi døme på kva som kan forstyrre radiosignal.

  7. Er det spesielle bygningsmaterialar som skaper problem for trådlause nettverk?

  8. Dei fleste wifinettverk er i 2,4 GHz- eller 5 GHz- frekvensområda. Kva er fordelane og ulempene med dei ulike frekvensområda?

Ekstraoppgåver

  1. Vi har fleire wifistandardar, og dei har fått nye namn dei siste åra. Lag ein tabell som viser dei gamle namna (som 802.11g), dei nye namna, frekvensområdet standarden støttar, og farten som blir støtta.

  2. Dei fleste trådlause nettverk er krypterte med WPA2 eller WPA3. Kor god sikkerheit gir denne krypteringa mot overvaking?

  3. Det er som oftast mogleg å justere sendestyrken på eit aksesspunkt. Kvifor er det ikkje best å berre ha sendestyrken på maks?

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Trådlause nettverk og radiolenker