Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Epokar i filmhistoria

Frå 1890-talet har filmspråket vore i stadig utvikling. Ein filmhistorisk epoke beskriv ein tidsperiode i filmhistoria der filmspråket er prega av bestemte fellestrekk. Filmane i ein epoke blir påverka av tidlegare epokar, av samtida dei er laga i, og av teknologisk utvikling.

Nyare filmar hentar inspirasjon frå filmepokar i tidlegare tider. Filmen Sin City bruker mange verkemiddel frå film noir.

Filmepokar og mediefaget

Dei ulike epokane i filmhistoria er ein del av uttrykkshistoria. Uttrykkshistorie er sentralt i mediefaget og eit samleomgrep som femnar fleire stilartar. Uttrykkshistoria handlar om korleis ulike disiplinar som er relevante for mediefaget, har utvikla seg i ein gitt tidsperiode. Dette kan for eksempel vere

  • estetiske kjenneteikn ved arkitektur, skulptur og biletkunst
  • epokar i kultur- og mediehistoria
  • nye idear, oppfinningar og kommunikasjonsmoglegheiter

Sentrale filmhistoriske epokar

  • Ekspresjonistisk film
  • Klassisk film
  • Montasjefilm
  • Realistisk film
  • Surrealistisk film
  • Film noir
  • Fransk nybølgjefilm
  • Postmodernistisk film
  • Dogmefilm
  • Digital film

Samfunnet påverkar filmspråket

Samfunnet som kontekst for filmproduksjonen og tidlegare filmar er med på å forme dei filmane som til kvar tid blir laga. Stilen på filmane i ein bestemt tidsperiode blir påverka av

  • forteljetekniske tradisjonar
  • politikk, filosofi og ideologi i samtida
  • teknologisk utvikling

Eit eksempel kan vere at ny teknologi fører til utvikling av nye forteljeteknikkar. Dette ser vi for eksempel i bruken av visuelle effektar og digitale karakterar i nyare filmar. Dette gjer at vi får sjå nye typar filmforteljingar der det som tidlegare kunne verke umogleg å fange på film, lèt seg realisere ved bruk av nye visuelle verkemiddel.

Overgangen frå ein epoke til ein annan kan også skje som ein reaksjon mot epokar som har vore tidlegare. Eit eksempel på dette kan vere den danske dogmefilmen på 90-talet som vaks fram hos ei gruppe danske regissørar som ønskte å skape ei motvekt mot kommersialisering og effektmakeri i film.

Har du kunnskap om dei mest sentrale stilepokane i filmhistoria, kan du lære deg å kjenne att stiltrekk frå tidlegare epokar i filmar som blir produserte i dag. Du kan også forstå korleis du kan bruke verkemiddel frå tidlegare filmepokar i eigne filmproduksjonar.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson Jensen, Ellen Johansen og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2017