Kva er Kongens nei?
CC BY-SA 4.0
Du er no inne i ein læringssti:
Norske okkupasjonsdrama
Kongens nei, trailer (2016). Kinopremiere 23.09.2016.
Då krigen kom til Noreg, vart den norske kongen stilt overfor eit vanskeleg val. Dersom kongefamilien ville overleve, måtte dei overgi seg til tyskarane. Filmen vart vald ut som norsk Oscar-kandidat i kategorien beste ikkje-engelskspråklege film i september 2016.
Før du byrjar å jobbe med fagstoff og oppgåver til Kongens nei, er desse spørsmåla fine å starte med. Diskuter gjerne med sidemannen, eller saman i klassen.
Sjå først traileren til filmen Kongens nei.
Veit du kva slags historisk hending filmtittelen viser til?
Kjenner du til nokre andre norske okkupasjonsdrama?