Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Norske okkupasjonsdrama

Introduksjon

CC BY 4.0

Det er produsert ei rekkje norske okkupasjonsdrama om andre verdskrigen i Noreg. Ein av dei nyaste er Kongens nei frå 2016. No kan du bli betre kjend med fleire av desse filmforteljingane. Gjennom filmklipp, fagstoff og kjeldeoppgåver blir filmane sette i sammenheng med dei historiske hendingane dei byggjer på.

Etter å ha gjennomgått læringsstien skal du

  • vite kva vi meiner med «kongen sitt nei»
  • ha sett filmklipp frå spelefilmane Kongens nei og Max Manus
  • kunne gjere greie for kjenneteikn ved norske okkupasjonsdrama
  • ha jobba med historiske kjelder som filmane Kongens nei og Max Manus byggjer på