Hopp til innhald

Fagstoff

Storleikar, måltal og måleiningar

Kva er eigentleg ein storleik?

Ein storleik består av eit måltal og ei måleining som vi måler storleiken i. I tillegg bruker vi ofte eit symbol for storleiken.

Døme

Bilar i kø på motorveg. Biletet er teke frå ein av bilane. Foto.

Du har vore ute og øvingskøyrt med bil. Du har køyrt ei strekning på 20 km i løpet av ein halvtime.

I dette dømet er det to storleikar: ei strekning og ei tid. Strekninga har måltalet 20 og måleininga km (kilometer). Ofte bruker vi symbolet s for strekning.

Spørsmål

Kva er måltalet og måleininga til tida?

Svar

Tida har 0,5 som måltal og h (timar) som måleining. (Kvifor heiter måleininga for timar h?) Vi bruker ofte symbolet t for tida.

Speedometer som viser fart på snaut 50 kilometer i timen. Foto.

Vi ønskjer å rekne ut kva farten på køyreturen blir i gjennomsnitt. Fart er ein storleik der vi ofte bruker symbolet v. Bruker vi symbola s og t for strekning og tid, blir formelen for farten

v=st

Gjennomsnittsfarten blir

v=st=20 km0,5 h=40 kmh

Ofte skriv vi svaret med skråstrek: 40 km/h. Hugs at både brøkstrek og skråstrek betyr "delt på".

Oppgåve

Kva blir måltalet og måleininga til farten her?

Svar

Storleiken fart har her måltalet 40 og måleininga km/h.

Legg merke til at når vi tek med måleiningane i reknestykket, får vi automatisk måleininga til svaret.

Rekning med måleiningar i GeoGebra

CAS-utrekning med GeoGebra. På linje 1 er det skrive 20 k m delt på 0,5 h. Svaret er 40 multiplisert med k m delt på h. Skjermutklipp.

Vi kan leggje inn reknestykket inkludert måleiningane i CAS i GeoGebra, og GeoGebra vil rekne ut både måltalet og måleininga for oss.

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2021

Læringsressursar

Grunnleggjande omgrep og samanhengar