Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rekn med måleuvisse

Oppgåvene kan løysast med alle hjelpemiddel.

Oppgåve 1

Du har målt breidda av eit rom til 565,3 cm. Uvissa i målinga er 3 mm.

a) Korleis nemner du breidda til rommet inkludert måleuvissa?

Fasit

Breidda er (565,3 ± 0,3) cm.

b) Kva blir den relative uvissa her?

Løysingsforslag

Den relative uvissa er  0,3 cm565,3 cm·100 %=0,05 %.

Oppgåve 2

Det er gjort 6 målingar av breidda på eit vindauge. Resultata ser du i tabellen under.

Måling nr.

1

2

3

4

5

6

Breidde, cm

74,5

74,7

74,5

74,6

74,4

74,6

a) Korleis skal breidda av vindauget nemnast?

Løysingsforslag

Gjennomsnittsverdien er 74,55 cm. Her er det første sifferet etter kommaet uviss, derfor rundar vi av til éin desimal, som gir 74,6 cm.

Variasjonsbreidda er 74,7 cm – 74,4 cm = 0,3 cm.

Halve variasjonsbreidda blir 0,3 cm2=0,15 cm0,2 cm. (Vi rundar av slik at det ikkje er fleire desimalar i uvissa enn i den måleverdien vi nemner.)

Breidda av vindauget blir

(74,6 ± 0,2) cm

b) Rekn ut den relative uvissa her.

Løysingsforslag

Den relative uvissa er  0,2 cm74,6 cm·100 %=0,27 %.

Oppgåve 3

Du har fått fleire vener til å måle høgda di med ulike målemetodar. Venene dine fekk desse resultata:

Måling nr.

1

2

3

4

5

Høgde, cm

174,5

174

174,5

175

174

a) Finn høgda di med uvisse.

b) Rekn ut den relative uvissa her.

Oppgåve 4

Eit lengdemål er nemnd til 532 mm. Den relative uvissa i lengdemålet er 0,5 prosent.

Kva er (den absolutte) uvissa?

Tips 1 til oppgåva

Den absolutte uvissa (eller den vanlege uvissa) blir målt i det same som lengdemålet, og det er det talet som skal kome etter pluss-minus-teiknet.

Tips 2 til oppgåva

Kva skal dei 0,5 prosentane reknast av?

Relatert innhald

Her får du ei praktisk innføring i omgrepet måleuvisse ved hjelp av gamle kroppsmål som tomme, alen og fot.

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2020

Læringsressursar

Grunnleggjande omgrep og samanhengar