Hopp til innhald

Fagstoff

Utvandringa til Amerika

I perioden 1836–1915 utvandra over 750 000 nordmenn til Amerika. Noreg var det nordiske landet som hadde størst utvandring i høve til folketalet. Kvifor valde så mange nordmenn å utvandre? Her skal vi sjå på nokre årsaker.
Ein familie av nybyggjarar i Minnesota, USA i 1895. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Starten på den norske utvandringa

Vi reknar med at det første skipet med emigrantar frå Noreg var «Restauration» som reiste frå Stavanger sommaren 1825 i retning New York. Det var 45 passasjerar og eit mannskap på sju om bord, og mange av desse var kvekarar og haugianarar, som søkte religiøs fridom i Amerika. «Restauration»s ferd over Atlanterhavet har fått ei symbolsk betydning, men det er først frå 1836 at vi kan seie vi får starten på den norske utvandringa.

Kven emigrerte?

Frå 1866 fekk vi det vi kallar dei store utvandringsbølgjene. I byrjinga var det stort sett gardbrukarar som emigrerte, men etter kvart var det minst like mange byfolk som sette kursen mot Amerika. Dei første tiåra hadde vi det vi kallar familieemigrasjon. Nokre gonger emigrerte familien saman, men oftast var det nok at mennene flytte først. Når mannen hadde fått etablert seg, kom kona og barna etter. At menn flytte først, har samanheng både med at det var eit mannsoverskott i dei periodane da utvandringa var størst, men også at det gjerne var dei som tok initiativ til å reise. Dei siste tiåra var det ofte enkeltpersonar, også då flest menn, som reiste over.

Kvifor utvandring?

Det har vore fleire forklaringar på kvifor så mange valde å emigrere til Amerika. Det vi veit, er at det er altfor enkelt å peike på einskilde forklaringar. Utvandringa er basert på samansette årsaksforhold. Forhold både i heimlandet og i Amerika verka inn. Nokre årsaker er generelle og gjeld for mange, men det kan også vere heilt private årsaker til at nokre valde å dra.

Fleire historikarar har peikt på moderniseringa som ei årsak til flytting, men dei første bølgjene med emigrantar reiste frå eit førindustrielt samfunn. Vi kan dermed ikkje seie at moderniseringa nødvendigvis var ei årsak til flytting, spesielt ikkje i startfasen. Det ser ut til at moderniseringa i landbruket både var eit resultat av auka utvandring, og noko seinare ei medverkande årsak til at fleire drog. Mekanisering i landbruket vart pressa fram.

Draumen om Amerika

Ein ting var årsaker i heimlandet, men det var også noko som trekte folk, på den andre sida av Atlanterhavet. I 1862 vart den såkalla Homestead Act (heimstadsloven) vedteken i USA. Denne lova opna for fri eigedomsrett til jord. Alle som ville busette seg i USA og drive jordbruk, fekk 650 mål til odel og eige, mot at dei busette seg på plassen og dyrka jorda i minst fem år. Dette trekte gardbrukarar som ønskte å halde fram med jordbruk i ei tid da det ikkje alltid var like enkelt å gjere det i Noreg.

«Slik sett kan vi hevde at dei første utvandrarane hadde ein tanke om å ta gamle Noreg på slep etter seg. Dei gav ikkje utan vidare opp tanken om ei agrar livsform, tufta på norske verdier og livsformer.»[1]



Nokre fortel likevel om at det ikkje alltid var like enkelt å drive jordbruk i Amerika. Karl Hansen Frøseth skriv at det var enkelt nok å skaffe seg land for dyrking, men utstyret ein trong, var dyrt, og han meiner det derfor vil ta lang tid for mange å komme i gang, særleg om ein reiste som ein familie.[2]

Etter kvart vart utvandringa ei drivkraft i seg sjølv. At nokre hadde drege tidleg og sende brev heim om kor fantastisk alt var «over there», lokka mange til å reise. Heime var det trange forhold, og mange ønskte seg eit nytt og betre liv i eit Amerika med større moglegheiter.

Omfattande flyttemønster

Utvandringa til Amerika fell inn som ein del av eit meir omfattande flyttemønster. I heile perioden ser vi flyttingar innafor landegrensene, det vi kallar migrasjon, og flytting ut av landet – utvandring eller emigrasjon. På 1800-talet fekk vi industrialisering og urbanisering. Byane voks og viser med det at dei ofte fanga opp dei første flyttingane frå landsbygda. I periodar då byane hadde mindre vekst, ser vi større utvandring til Amerika.

Påverknad på det norske samfunnet

Uvandringa fungerte som ein slags sikringsventil for det norske samfunnet, som tok av for det store fødselsoverskottet. Den aukande folkemengda i Noreg skapte eit press på samfunnet, og det er klart at utan den store utvandringa ville folkeveksten skapt større problem for samfunnet og fordelinga av ressurser. I tillegg gav utvandringa folk eit alternativ til å flytte til byen om ein ikkje hadde høve til å halde fram i jordbruket. Folk hadde flytt før også, men over mindre avstandar og med mindre drastiske endringar for livssituasjonen. Med utbygginga av vegar og transportmoglegheiter i løpet av 1800-talet blei det enklare å bryte opp og flytte til tettstader, byer – eller til eit heilt anna land.

Kjelder

Myhre, Jan Eivind (2.11.2020): "Utvandring fra Norge" i norgeshistorie.no. Hentet fra: https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1537-utvandring-fra-norge.html

Nerbøvik, Jostein (1999): Norsk historie 1860-1914. Eit bondesamfunn i oppbrot, Det norske samlaget, Oslo

Pryser, Tore (1999): Norsk historie 1814-1860. Frå standssamfunn mot klassesamfunn, Det norske samlaget, Oslo

Østrem, Nils Olav (2006): Norsk utvandringshistorie, Det norske samlaget, Oslo.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 08.10.2023

Læringsressursar

Demografiske endringar