Julemarengs
Du treng
2,5 dl eggekvite
490 g melis
grøn pulverfarge
kvitt perlesukker som ikkje smeltar i omnen
silikonmatte
grillpinnar
stjernetyll
Slik gjer du
Pisk opp eggekviten til høgt, kvitt skum. Pisk inn melisen litt etter litt.
Pisk marengsen ei god stund til han blir tjukk, glatt og skinande.
Farg han i ein delikat grønfarge med pulverfarge. Flytande farge vil gjere marengsen blaut.
Ha marengsen i ein sprøytepose med stjernetyll.
Sprøyt juletrea på silikonmatte. Bakepapir vil flagre i omnen og øydelegge marengsane.
Til juletrea utan grillpinne
Bruk ein stor stjernetyll. Sprøyt ut marengsen som eit pikekyss, dra posen oppover og sprøyt ein litt mindre topp oppå så marengsen får form som eit juletre.
Dryss på kvitt perlesukker.
Steik ved 80 gradar i cirka 8 timar.
Til juletre på pinne
Marengsen skal sprøytast over ein grillpinne så ein kan ete det som ein kjærleik på pinne.
Legg grillpinnane utover ei silikonmatte. Sprøyt marengsen over pinnane i mange små toppar i ulike storleikar, slik at det til slutt blir danna ein treformasjon.
Pynt med perlesukker og eventuelt gullfarga kjekskuler.
Steik ved 80 gradar i cirka 8 timar.
Losne juletrea varsamt med ein liten, glatt kniv.
Tips!
Pakk gjerne marengsjuletrea fint inn i cellofan og gi bort i gåve til jul.