Hopp til innhald

Fagstoff

Småhopp

Småhopp i ringar er ei fin øving for både horisontal spenst og dei koordinative eigenskapane rytme, balanse og krafttilpassing.

Vel hoppmønster ut frå det du skal trene på, dette kan til dømes vere retta mot ulike eigenskapar i ein idrett. Varier med hopp i forskjellige retningar med ulik lengde. Det er viktig med god balanse og rytme.

Døme på ulike hoppvariantar

  • Hopp i sikk-sakk
  • Hopp i firkant
  • Hopp på kryss og tvers
  • Hopp framover og/eller bakover
CC BY-SASkrive av Oddbjørg Vatn Slapgaard. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.06.2020

Læringsressursar

Horisontal spenst