Hopp til innhald

Fagstoff

Baseøvingar

Baseøvingar er funksjonelle styrkeøvingar som involverer store muskelgrupper. Her finn du øvingane knebøy, markløft, benkpress og kroppsheving.

Knebøy

Denne øvinga stiller krav til setemuskulaturen, den firehovda knestrekkaren og den tohovda knebøyaren.

Markløft

I denne øvinga aktiverer du store delar av kroppen – både setemuskulaturen, den firehovda knestrekkaren, den tohovda knebøyaren, den lange ryggstrekkaren, den breie ryggmuskelen og kappemuskelen.


Benkpress

Dette er ei øving som involverer den store brystmuskelen, fremre del av deltamuskelen og den trehovda armstrekkaren.

Kroppsheving

Kroppshevingar, hang ups, chins eller pull-ups – kjært barn har mange namn. Uansett kva slags namn du bruker, handlar det om å heve kroppen sin opp og få haka over stanga.

Forskjellen på chins og pull-ups

Forskjellen mellom chins og pull ups er at du i chins har eit underhandgrep på stanga, med handflatene vendt mot deg, medan du i pull-ups har eit overhandgrep der handflatene er vende frå deg. Grepet rundt stonga er avgjerande for kva musklar som blir aktiverte. Chins aktiverer den tohovda armbøyaren, overarmsspolebein-muskelen og den store brystmuskelen, medan pull-ups berre aktiverer overarmsspolebein-muskelen. I både chins og pull-ups aktiverer du den breie ryggmuskelen, kappemuskelen, den bakre delen av deltamuskelen, rombemuskelen og den store runde akselmuskelen. Magemusklane må òg aktiverast.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2020

Læringsressursar

Funksjonell styrketrening