Rettleiing
Utoverførarar og strekkjarar i hofteleddet
Slik kan du tøye utoverførarane og strekkjarane i hofteleddet.
Sit på rumpa med beina rett fram. Før det eine beinet over det andre og ta tak rundt kneet med armen. Trekk kneet inn mot brystkassen, rett deg opp i ryggen.
For å få endå større leddutslag i hofteleddet kan du gjere den same øvinga liggjande med ryggen i golvet.