Korleis jobbe saman i grupper?
Del 1: Før du ser filmen
Kva for positive erfaringar har du med gruppearbeid?
Kva meiner du må til for at eit gruppearbeid skal fungere? Skriv ned det du meiner er dei tre viktigaste faktorane.
Del 2: Sjå filmen
Kva seier filmen om fordelane med gruppearbeid?
Kva tre typar samtalar fortel eksperten om?
Kva skal til for at de får til dei gode, utforskande samtalane som fører til auka læring?
Kva kan vere dei største utfordringane med gruppearbeid?
Les gjennom tipsa til gruppearbeid i boksen under. Kva for to tips trur du er viktigast for å få til eit godt gruppearbeid? Grunngi svaret.
Del 3: Lag reglane i klassen for gruppearbeid
I grupper:
Kva hadde de notert i del 1, før de såg filmen? Del med kvarandre utan å diskutere.
Oppsummer det som blir sagt i filmen. Kva er dei viktigaste råda filmen gir om gruppearbeid?
Bruk innspelet til gruppemedlemmane og det som blir sagt i filmen som utgangspunkt. Diskuter dykk fram til det de meiner er dei fem viktigaste reglane for gruppearbeid. Formuler reglane positivt, slik at dei seier kva de skal gjere. Unngå reglar som seier kva de ikkje skal gjere. Del med dei andre i klassen.
Bli einige om eit sett med reglar som skal bli reglane i klassen for gruppearbeid.