Hopp til innhald

Fagstoff

Fagomgrep i faget administrasjon og berekraftig drift

Vi har her samla nokre av fagomgrepa som blir brukte i faget administrasjon og berekraftig drift. Lista kan brukast som eit oppslagsverk i arbeidet med faget.
Unge menneske på kontoret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

A

Akkordløn
Løn for eit fastsett arbeid, til dømes å
måle eit hus.
Anbod
Eit anbod er eit bindande tilbod om å utføre eit arbeid eller selje ei vare, eller teneste, på bestemde vilkår.
Automatisering
Få system til å styre seg sjølv og fungere utan innblanding frå menneske.

B

Bruttoforteneste
Forskjellen mellom salsinntekt utan meirverdiavgift og varekostnad. Bruttoforteneste i prosent blir rekna i forhold til salsinntekt utan mva. Bruttoforteneste blir brukt i budsjett,rekneskap og rekneskapsanalyse.
Bruttoløn
Løn før skatt.
Byråkratisk
Klare ansvars- og styresmaktsforhold, der alle skal gå tenesteveg.
Berekraftig utvikling
Utvikling som dekkjer dei behova vi har i dag, utan å øydeleggje moglegheitene for at komande generasjonar skal få dekt sine behov.

D

Dekningsbidrag
Differansen mellom salspris og variable kostnader. Dekningsbidraget skal dekkje faste kostnader og forteneste.
Direkte innkjøp
Eit innkjøp der du vender deg direkte til éin leverandør som du kjøper frå.
Diskriminering
Usakleg eller urimeleg forskjellsbehandling på bakgrunn av kjønn, seksuell orientering, etnisitet,hudfarge, språk, politisk syn, nedsett funksjonsevne, religion og livssyn.

F

Fagforeining
Ein samanslutnad for arbeidstakarar innanfor same fag eller bransje. Ei fagforeining skal fremje interessene til medlemmene sine.
Feriepengar
Pengar som blir utbetalte for ferievekene i staden for løn. Feriepengane utgjer 10,2–14,3 prosent av løna kalenderåret før.
Frikort
Eit skattekort som viser arbeidsgivaren at dei ikkje skal trekkje skatt, fordi du tener under eit bestemt beløp (fribeløpet).
Forskotstrekk
Ein del av løna som arbeidsgivaren held tilbake, for å betale skatten din.

H

Hierarki
Ei rangordning der dei som er øvst, har meir ansvar og styresmakt enn dei lenger nede i organisasjonen.

I

Innovasjon
Ei ny vare, ei ny teneste, ein ny produksjonsprosess, ny bruk eller ei ny organisasjonsform, som ein har lansert i marknaden eller teke i bruk i produksjonen for å skape økonomiske verdiar.
Innstilling (i rekrutteringsprosessen)
Ei liste som viser kva personar vi ønskjer å tilby jobb, i rangert rekkjefølgje. Innstillinga blir utarbeidd av dei som har delteke i rekrutteringsprosessen.
Insentiv
Eit insentiv er noko som motiverer eit menneske til handling. Det kan vere ekstra løn, feriedagar eller andre gode som motiverer til ein ekstra arbeidsinnsats.
Internkontroll
Systematiske tiltak som skal sikre at aktivitetane for verksemdene blir planlagde, organiserte, utførte, sikra og haldne ved like i samsvar med krav i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga.
Internkontrollforskrifta
Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder.
Introduksjonsplan
Ein plan som beskriv korleis bedrifter skal leggje til rette for å ta imot nye medarbeidarar. Planen skal sikre at nytilsette får tilgang til alt av nødvendig utstyr og opplæring.

K

Kassekreditt
Ei moglegheit til å overtrekkje ein driftskonto inntil ei avtalt kredittramme hos banken sin. Bedrifta betaler rente for det beløpet som bedrifta til kvar tid har overtrekt kontoen.
Kommandolinje
Ei linje som viser korleis ansvar og styresmakt er tiltenkte i ein organisasjon.
Kontrollspenn
Talet på personar og fagområde ein leiar har ansvar for.
Kravspesifikasjon
Ei beskriving av kva verksemda ønskjer å kjøpe. Her må til dømes mengd, kvalitet, service og leveringstid vere beskrivne.
Kundereise
Dei fasane kunden går gjennom i kjøpsprosessen: behovsavdekking, informasjonsinnhenting, kjøpsavgjerd og evaluering.
Kunstig intelligens
Datasystem som er i stand til å gjennomføre oppgåver som vanlegvis krev menneskeleg intelligens.

L

Lineær avskriving
Avskrivingar der beløpet er like stort kvart år. For å berekne det årlege avskrivingsbeløpet tek bedrifta verdien av eigedelen og deler han på talet på år som er den antekne levetida til eigedelen.
Linjeleiing
Ordrane, eller kommandoane, går ovanfrå og ned, og når ein medarbeidar har eit spørsmål, går førespurnaden nedanfrå og opp.
Linjeorganisasjon
Ein organisasjon som kan illustrerast med eit organisasjonskart med linjer som viser ei klar ansvars- og myndigheitsfordeling mellom dei ulike leiingsnivåa.
Linje- og stabsorganisasjon
Ein linjeorganisasjon med éi eller fleire avdelingar på sida av linja, som ofte blir kalla stab. Ein stab gir service til heile organisasjonen og er rådgivande. Ofte ligg funksjonar som økonomi eller personal i ei stabsavdeling.

M

Maskinlæring
Datamaskinar som bruker statistiske metodar for å finne mønster i store datamengder. Vi seier at maskinane «lærer» i staden for å bli programmerte.
Meirverdiavgift
Ei generell avgift på varer og tenester i kvart handels- og produksjonsledd. Den vanlegaste meirverdiavgiftssatsen er 25 prosent.

N

Nettoløn
Løn etter skatt, det vil seie dei pengane du får utbetalt.
Norm
Både formelle og uformelle reglar. Formelle reglar kan vere nedskrivne lover og reglar, og uformelle reglar kan vere uskrivne reglar. Til dømes har vi normer for bordskikk som ikkje er skrivne ned.

P

Pantelån
Eit langsiktig lån som blir ytt mot tryggleik i fast eigedom, transportmiddel, varelager, verdipapir eller andre verdigjenstandar.
Periodisering
Å periodisere vil seie å tidsavgrense innbetalingar og utbetalingar. Innbetalingar skal inntektsførast i den perioden varer er selde eller tenester utførte, mens utbetalingar skal kostnadsførast i den perioden dei er forbrukte.
Prosentkort
Eit prosentkort har eit skattekort med ein fast prosent som arbeidsgivaren skal trekkje i skatt.
Prosjektorganisasjon
Tilsette i ein organisasjon arbeider saman i grupper med tidsavgrensa prosjekt. Gruppene blir oppløyste når prosjektet er ferdig. Tilsette kan gjerne vere med i fleire grupper eller prosjekt samtidig.
Provisjonsløn
Løn som blir knytt til oppnådde resultat, til dømes løn basert på kor mange produkt ein har selt.

R

Reskontro
Samling av kontoar for føring av spesifisert rekneskap med kvart enkelt forretningssamband.

S

Saldoavskriving
Prosentvis like avskrivingar kvart år. Kronebeløpet som eigedelen blir avskrive med, blir då høgast det første året og lågare for kvart år som går.
Samfunnsansvar
Sosiale og miljømessige omsyn som bedrifter tek frivillig i den daglege drifta si.
Sirkulær verdikjede
Ei verdikjede som er forma som ein sirkel, ved at utgåtte produkt blir brukte som råstoff til nye produkt.
Skattekort
Eit elektronisk dokument som viser kor mykje arbeidsgivaren skal trekkje i skatt. Det gjeld for eitt kalenderår om gongen.
Skattetabell
Ein inntektstabell arbeidsgivaren bruker for å berekne kor mykje du skal betale i skatt.

T

Teieplikt
Når du har forbod mot å dele informasjon som du får kjennskap til via jobben. Teieplikta gjeld òg etter at du har slutta i jobben.
Tingnettet
Ulike tekniske apparat er kopla til internett og kan kommunisere med kvarandre.
Tenesteveg
På eit organisasjonskart kjem tenestevegen til syne ved linjene mellom dei ulike nivåa i organisasjonen, som også blir kalla kommandolinjer. Å vende seg til den næraste leiaren blir derfor kalla å gå tenesteveg.

V

Verneombod
Ein arbeidstakar som er vald av kollegaene sine for å vareta interessene til arbeidstakarane i saker som gjeld arbeidsmiljøet. Verneombodet trer inn i ei sak dersom ikkje arbeidstakaren sjølv får til ei løysing. Verneombodet skal òg melde frå om utilfredsstillande forhold på arbeidsplassen.
CC BY-SASkrive av Cecilie Lund og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 28.07.2021

Læringsressursar

Faglege omgrep og studietips