Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rydd i mappestrukturen!

Ein ryddig mappestruktur gir god oversikt over dokumenta dine. Det er òg lurt å gi dokumenta namn som gjer det enkelt å søkje i mappene.
Pc med bilete av ringpermar i ulike fargar som er sette inn i skjermen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppbevaring av digitale dokument

Logisk arkivering og ryddig oppbevaring av digitale dokument er like viktig som å ha det ryddig i skuleveska eller i ein perm med lause ark. Det er heller aldri for seint å byrje ryddeprosessen. I denne oppgåva skal du rydde og reflektere over korleis strukturen din skal vere, og over kva namn du skal bruke på dokumenta.

Først må du bestemme deg for kvar du vil lagre dokumenta dine. Det finst mange ulike skylagringstenester du kan bruke, som OneDrive og Google Disk. Fordelen med skylagring er at filene ikkje ligg fysisk på pc-en, så dei vil ikkje gå tapt sjølv om det skulle skje noko med pc-en din.

Oppgåve

  1. Lag ein mappestruktur. Først lagar du ei mappe som heiter "Skule", og ei mappe som heiter "Privat". I skulemappa lagar du mapper for alle faga. I fagmappene kan du ha mapper for "Innlevering", "Materiell som er levert ut", og til dømes "Prosjekt".

  2. Gi dokument nye namn. Nokon lagrar dokument utan å gi dei namn det er mogleg å søkje på. Når du er i gang med å flytte dokument, kan du òg gi dokumenta nye namn, eller du kan slette det du ikkje får bruk for. Bruk gjerne namn som til dømes "innlevering budsjettoppgåve". Når du søkjer på "innlevering", får du opp alle filene med innlevering i namnet, og du finn raskt den fila du leiter etter.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2023

Læringsressursar

Faglege omgrep og studietips