Arrangementssikkerheit
Ulike typar arrangement
Det er mykje som kan kallast eit arrangement. Mange assosierer ordet kanskje først og fremst med konsertar og festivalar, eller kanskje med idrettsarrangement. Konferansar og messer er òg arrangement der det samlar seg folk, og der det kan vere utfordrande å halde oversikt.
Arrangøren har ansvaret for at sikkerheita blir vareteken, og dei fleste arrangørar vel å setje ut jobben til eit profesjonelt vaktselskap.
Korleis vareta sikkerheita?
Vaktselskapet vil gjennomføre ein risikoanalyse, der faktorar som typen arrangement, talet på deltakarar og typen objekt/område speler inn. Korleis er tilgangen til området? Korleis er det med naudutgangar? Må området avgrensast, slik at vi må sperre av enkelte punkt? Korleis er moglegheitene for å gi førstehjelp? Kvar finst tilgjengeleg brannsløkkingsutstyr?
Inngangskontroll
På dei fleste innandørs arrangement vil inngangskontroll vere viktig. Det er viktig at vi har oversikt over kor mange gjestar som er på området – både med tanke på kapasiteten på området og av brann- og evakueringsomsyn.
Evakuering
Det skal vere ein plan for evakuering. Naudutgangar skal vere tydeleg merkte og ikkje sperra eller låste. I tillegg bør det vere eit samlingspunkt utanfor området.
Vektarane kontaktar og hjelper naudetatane viss det er aktuelt. Ein viktig del, kanskje òg den vanskelegaste delen, av jobben ved evakuering er faktisk å bevare roa og prøve å hindre og dempe tilløp til panikk.
Førstehjelp
Vaktselskapet skal ha tilgang til førstehjelpsutstyr – anten det som er tilgjengeleg på området, eller innleigd/kjøpt utstyr. Både førstehjelpsskrin og hjartestartar bør vere tilgjengelege.
Generell ro og orden
Eit arrangement skal ideelt sett gå føre seg utan dramatiske hendingar. Med uniformerte, synlege vektarar som det er lett for publikum å kome i kontakt med, er mykje av tryggingsarbeidet gjort. Som vektarar på eit arrangement bør vi vere tilgjengelege, høflege og hjelpsame. Slik får vi enklast oversikt og kan bidra til å førebyggje uønskte hendingar.
Generell ro og orden kan innebere ulike ting i ulike situasjonar. Under koronapandemien fekk dørvakter og vektarar nye oppgåver. Fleire vaktselskap fekk i oppdrag å stille med køvakter og å sørgje for at gjestar heldt tilstrekkeleg avstand på arrangement. I denne perioden fekk vi òg fleire nye omsyn vi måtte ta. I tillegg til forsterka smitteverntiltak fekk vi nye former for arrangement. Arrangement som digitale messer og drive-in-konsertar gav nye tryggingsmessige utfordringar.
Døme: Oslo Pride
Oslo Pride er ein stor årleg festival, men under koronapandemien måtte arrangørane tenkje heilt nytt. Samtidig som dei ønskte å ta vare på den gode festivalånda, måtte dei sørgje for å gjennomføre festivalen på sikrast mogleg måte. I denne podkasten fortel arrangøren om korleis dei meistra å gjennomføre ein heldigital Oslo Pride.