Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Val av arrangement

CC BY-SA

Den første utfordringa kan bli å finne eit arrangement på skulen eller i nærmiljøet som de får lov til å vere involverte i. Spør gjerne lærarane dykkar kva som skal skje på skulen i løpet av året. Kanskje skulen får besøk frå andre skular eller frå næringslivet? Nokre skular arrangerer til dømes ei julemesse eller skulemesse for ungdomsbedriftene og ein avslutningsfest for elevar og lærlingar.

I nærmiljøet bør det òg vere nokre moglegheiter. Skal idrettsklubben arrangere ei turnering? Arrangerer kommunen eller næringslivet eit seminar eller folkemøte der de kan bli med og hjelpe til?