Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Svinn i matbutikkar

Ein av bransjane der det blir jobba mykje mot svinn, er daglegvarehandelen. Kva tiltak kan nyttast på dei ulike punkta i svinnhjulet?

Oppgåve

I boksen nedanfor er det skildra nokre tiltak for korleis ein kan kjempe mot svinn i matbutikkar. Dei to spørsmåla eignar seg godt til diskusjon i klasserommet.

  1. Kva punkt i svinnhjulet vil dei ulike tiltaka ha effekt på?

  2. Forklar samanhengen mellom svinn og berekraft.

Trivsel og god opplæring

Trivsel og god opplæring er kanskje det som reduserer tjuveri mest. I tillegg er kompetente og fornøgde medarbeidarar i stand til, og motivert for, å kjempe mot svinn i butikkane.

Haldbarheit og datostempling

Svinn gjennom mat som går ut på dato, har det blitt fokusert mykje på. No blir mange matvarer merkte med "best før – ofte god etter" ein dato, i staden for berre "best før". I tillegg gir butikkane ofte rabatt på varer som har gått ut på dato, eller er i ferd med å gå ut. På denne måten kan ein selje fleire varer, og ein slepp å kaste dei når dei går ut på dato.

Varesikring og alarmetikettar

Sikkerheit må inngå i dei daglege rutinane. Det gjeld òg varesikring. Der det er mogleg, skal alarmetikettar klistrast både på eska vara ligg i, og på sjølve vara. Det gjer det vanskelegare å stele til dømes kostbare hudkremar.

Førebyggje

Dei tilsette følgjer med på kundane, og overvaker butikken sin. Dei seier hei, og ser kundane i auga. Det er god service, men kan òg førebyggje butikktjuveri.

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Svinn