Konsekvensar av svinn - Administrasjon og berekraftig drift (SR-SSH vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Konsekvensar av svinn

Svinn er tap av verdiar og reduserer lønsemda til bedrifta. I denne oppgåva skal du bruke det du har lært om svinn, til å reflektere over kva for konsekvensar svinn kan ha for ei bedrift.
  1. Vel ei lokal bedrift. Beskriv bedrifta.

  2. Kva for svinnkjelder finst i bedrifta?

  3. Kva slags tiltak kan bedrifta setje inn for å redusere svinn? Systematiser tiltaka som fysiske, tekniske, administrative og manuelle tiltak.

  4. Korleis kan eit godt arbeidsmiljø redusere svinn?

  5. Reflekter rundt dei økonomiske konsekvensane av svinn for bedrifta og kva for tiltak mot svinn du meiner er dei viktigaste.

Tips til læraren

Oppgåva eignar seg som ei skriftleg innlevering eller ein munnleg presentasjon.

Eleven kan gjerne ta utgangspunkt i praksisbedrifta si.

Skrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2021