Hopp til innhald

Fagstoff

Årsak og verknad

Når noko skjer (verknad), seier vi at det er ei årsak til at det skjer. Vanlegvis er det fleire årsaker til at noko skjer. Når vi skal lage modellar, må vi finne ut kva årsaker som påverkar det vi undersøkjer.
Modell som viser samanhengen mellom talet på sigrar og talet på pokalar ein vinn. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kople saman årsakssamanhengar i SageModeler

Oppgåve 1

Fullfør «årsakene» under med ein «verknad»:

  1. Vanskelege oppgåver på skulen gjer at eg …
  2. Stress gjer at eg …
  3. Ein auke i talet på harar i ein skog gjer at …
  4. Ein nedgang i talet på dieselbilar gjer at …

Oppgåve 2

Bruk SageModeler til å vise samanhengen mellom årsak og verknad i oppgåve 1 ved å bruke variablar som du koplar saman. Hugs å bruke nøytrale namn på variablane.

Lag årsakssamanhengar på concord.org.

Direkte og indirekte årsakssamanhengar

Fokuser på årsak og verknad

Årsak og verknad er grunnlaget for modellane du skal lage i SageModeler. Før du simulerer ein modell, må du prøve å lage samanhengen mellom årsak og verknad så direkte som mogleg.

Nokre gonger er samanhengen nokså lett å oppdage, som samanhengen mellom talet på sigrar i ein konkurranse og talet på pokalar du har vunne.

Andre gonger er ikkje samanhengen like direkte. Det er ikkje nødvendigvis eit problem om du skal lage ein veldig omtrentleg modell, men vanlegvis blir modellar meir presise om samanhengane i modellen er så direkte som mogleg.

Samanhengen mellom CO₂-utslepp frå ein bensinbil og temperaturen på jorda er eit døme på ein indirekte samanheng. Om du lagar eit direkte samband mellom CO₂-utslepp frå ein bensinbil og temperaturen på jorda, gir det ikkje eit godt bilete av verkelegheita. Det er ikkje ein god modell. Ein meir direkte samanheng i eit slikt døme kan vere at CO₂-utslepp frå bilar påverkar CO₂-konsentrasjonen i atomsfæren.

Modellar som viser indirekte og direkte samanhengar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3

Ta stilling til om du trur det er ein direkte eller indirekte samanheng, for kvar av årsakene. Grunngi svaret ditt.

  1. matinntak → vekt
  2. pengar → lykke
  3. intelligens→ karakterar på skulen
  4. eld → røyk

Bruk SageModeler til å definere samanhengar

Utfordringa er å lage årsakssamanhengar som er så direkte som moglege. Dømet viser korleis det kan gjerast.

Koplinga mellom «mat» og «kaninar» kan vi sjå på som ein indirekte samanheng. Fleire variablar blir brukte for å gjere samanhengane mellom kvart trinn i kjeda meir direkte.


Modell som viser samanhengen mellom tilgang på mat og mengda kaninar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 4

På lenkja under finn du tre ulike samanhengar. Avgjer om samanhengane er direkte eller indirekte. Meiner du samanhengen er indirekte, så legg til fleire variablar slik at du får ei kjede av årsaker og samanhengar som er meir direkte:

Frå indirekte til direkte samanhengar på concord.org.

Denne ressursen er ei omarbeidd utgåve av https://authoring.concord.org/sequences/406/activities/8038/afbb047e-c126-4df1-bba6-e072bf3191de


CC BY-NC-SASkrive av Steve Roderick og Dan Damelin. Rettshavarar: The Building Models Project og The Concord Consortium
Sist fagleg oppdatert 07.12.2019

Læringsressursar

Lag modellar i SageModeler