Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Modellar er bygde opp av variablar

For å finne svar på eit spørsmål kan vi lage ein modell. Ein modell er bygd opp av variablar som påverkar kvarandre. Viss modellen skal føreseie kva som vil skje, må vi bruke variablar som er viktige for det spørsmålet vi stiller. Desse variablane må få ein verdi eller kunne målast.
Faktorar som kan påverke kor stor avling ein får. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sorter variablar

Oppgåve 1

Sorter dei ulike variablane i to grupper. Dra bileta, og slepp dei under det spørsmålet du meiner dei høyrer heime.

Sorter variablar (codap.concord.org).

Vel kva variablar som er viktige

Sjølv om ein variabel er nærskyld med ein prosess, så betyr ikkje det av variabelen nødvendigvis skal vere med i ein modell for denne prosessen. Viss du har ei klar og avgrensa problemstilling, vil det vere lettare å avgjere kva variablar som skal vere med og kva for nokre av dei som ikkje skal vere med.



Oppgåve 2

Også i denne oppgåva skal du sortere variablar, men denne gongen skal du fokusere på å velje variablar som har klar betyding for det du vil finne ut. Ta bort variablar som ikkje er relevante nok. Gi namn til dei variablane du vel å behalde. Viss du meiner at det er variablar som manglar, så lagar du desse sjølv.


Korleis kan eg få betre karakterar? (codap.concord.org)

Variablar kan målast

Modellar som skal gjere utrekningar, må vere bygde opp med variablar. Variablar kan målast, som til dømes "talet på kaninar", eller givast ein verdi eller eit nivå, som til dømes "lykke". Viss du kan angi noko på ein skala frå "låg" til "høg", så er det truleg ein variabel.

Sjå for deg ein modell som skal ta for seg korleis regn påverkar erosjon i ei åsside:

"Regn" og "åsside" er viktige moment å vurdere i ein slik modell. Ein hypotese kan vere at ein auke i nedbør vil føre til auka erosjon av åssida. Variablane kan kallast "regn" og "åsside", men det vil vere betre å bruke "mengda regn" og "mengda jord i åssida", fordi det er lettare å angi ein verdi på slike variabelnamn.

Oppgåve 3

I lista under er det åtte variablar som kan inngå i ein modell som skal hjelpe oss å svare på spørsmålet "Kva kan eg gjere for å få betre karakterar?"

Diskuter kva namn som er gode variabelnamn:

  1. lærer
  2. ekstra hjelp
  3. lesetid
  4. foreldre
  5. søvn
  6. karakterar
  7. svolt
  8. gjere lekser

Oppgåve 4

Foreslå forbetringar på nokre av variabelnamna over.


Namn på variablar bør vere nøytrale

Namn på variablar bør ikkje innehalde adjektiv som angir ei eller anna form for retning på ei forventa endring. "Meir regn" eller "mindre jord i åssida" er døme på variabelnamn som ikkje vil eigne seg.

Sjølv om ein heilt klart kan tenke seg at "Viss det kjem meir regn, så vil det bli meir erosjon og dermed mindre jord i åssida."

Vi må likevel unngå å gi variablar namn på denne måten. Både regn og jordmengde kan variere i begge retningar, auke eller minke. Då er det ei betre løysing å kalle dei "mengde regn" og "mengde jord i åssida".

Oppgåve 5

I ein modell om bruk av setebelte og skadar vart følgjande variabelnamn brukt:

  • auka bruk av setebelte
  • nedgang i mengde skader
  • positive resultat av legeundersøking

Desse variabelnamna er ikkje så gode, fordi dei antar kva retning endringa skjer.

Lag nye namn på desse variablane, slik at dei er meir nøytrale og kan endrast i kva retning som helst: lågare eller høgare, betre eller verre.

Gi namn til variablar i SageModeler

Oppgåve 6

Gi passande namn til kvar av variablane som er merkte "Uten navn" i modellen.

Vel bilete til dei variablane som dei blå kvadrata viser til.

Namngi variablar og legg til bilete (codap.concord.org).

Kjelde

Denne ressursen er ei omarbeidd utgåve av https://authoring.concord.org/sequences/406/activities/8037/b5c74010-1de1-4011-bb59-a74cf4e8d535

CC BY-NC-SASkrive av Steve Roderick og Dan Damelin. Rettshavarar: The Building Models Project, Michigan State University og The Concord Consortium
Sist fagleg oppdatert 06.12.2019

Læringsressursar

Lag modellar i SageModeler