Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Simulering og testing

Formuler hypotesar, føresei kva som vil skje, og test modellen ved å køyre ei simulering.
Samanhengen mellom ulike årsaker som avgjer kor varmt det er om bord i ein buss. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føresei korleis modellen verkar

Temperaturen i ein buss blir bestemd av mange faktorar. Figuren over viser nokre av dei og moglege samanhengar mellom dei.

Oppgåve 1

Formuler ein hypotese, og prøv å føreseie noko om varmen i bussen. Både hypotesen og føreseiinga må vere baserte på modellen og gi svar på det sentrale spørsmålet: «Kvifor er det så varmt i bussen når sola skin?»

Formuler hypotesen med denne forma: Dersom … så …

Døme:

Du trur at talet på opne vindauge påverkar temperaturen i bussen når sola skin. Då kan du formulere hypotesen slik:

Dersom fleire vindauge på bussen blir opna, vil temperaturen i bussen …

Oppgåve 2

Fullfør hypotesen over. Ver så presis som mogleg når du føreseier kva som vil skje med temperaturen.


Oppgåve 3

Formuler ein annan dersom-så-hypotese om temperaturen i bussen. I denne hypotesen skal du ikkje ha med ei endring i talet på opne vindauge.

Oppgåve 4

Lag ein graf med «Temperatur i bussen» på y-aksen, og på x-aksen har du hypotesen du laga i oppgåve 3.

Teikn inn ei kurve som viser korleis du trur temperaturen i bussen vil endre seg.

Denne ressursen er ei omarbeidd utgåve av https://authoring.concord.org/sequences/406/activities/8040/711d6189-5895-4058-968e-ec45241d6241

CC BY-NC-SASkrive av Steve Roderick og Dan Damelin. Rettshavarar: The CREATE for STEM Institute, Michigan State University og The Concord Consortium
Sist fagleg oppdatert 09.12.2019

Læringsressursar

Lag modellar i SageModeler