Å bestemme samanhengen mellom variablar
Årsakssamanhengar kan beskrivast på mange måtar, og nokre måtar er meir presise enn andre. Det verkar opplagt at massen blir større når vi legg fleire kuler i krukka, men korleis kan vi beskrive auken?
Kvar av grafane viser ein auke, men berre ein av dei er ei riktig skildring av samanhengen. Vi går ut frå at alle kulene har lik masse.
Kva for ein av grafane trur du beskriv samanhengen mellom talet på klinkekuler og vekta til klinkekulene?
Riktig alternativ er A. Fordi kvar kule har same masse, vil ei dobling i talet på kuler bety at den samla massen òg blir dobla. Samanhengen er lineær eller proporsjonal.
Graf B viser at viss du puttar nokre få kuler oppi krukka, endrar ikkje den samla massen seg så mykje. Men etter kvart som du puttar opp fleire kuler, skyt massen i vêret!
Graf C viser at den totale massen aukar raskt berre du puttar nokre få kuler i krukka. Etter kvart som du puttar oppi fleire kuler, aukar ikkje den totale massen like mykje.
Beskriv samanhengar ved hjelp av grafar
I biletseriane under får du presentert ulike situasjonar. Finn ut kva graf du meiner beskriv situasjonen best, og skriv korleis du tenkte i tekstfeltet. Det du skriv inn kan eksporterast til eit tekstdokument frå siste bilete.
Avgjer påverknadsmønster
Tidlegare har du jobba med å utvide kjedene til tre årsakssamanhengar. No skal du jobbe med dei same tre samanhengane, men denne gongen skal du avgjere etter kva for eit mønster årsakene påverkar kvarandre.
Bestem påverknadsmønster i tre modellar på concord.org.
Denne ressursen er ei omarbeidd utgåve av
https://authoring.concord.org/sequences/406/activities/8039/cc8849c5-6ee3-4d8c-b7bd-89ae3438771a?show_index=true