Kva veit du om berekraftig mat?
Kva påstand blei de mest overraska over? Forklar kvifor de blei overraska.
Finn truverdige kjelder som hjelper dykk med å ta stilling til påstandane under. I nokre tilfelle må de kanskje leggje bestemde premissar til grunn for å kunne konkludere. Det vil truleg vere forskjell på kor berekraftig sjømat i vill tilstand er, samanlikna med sjømat frå oppdrett.
«Sjømat er berekraftig mat!»
«Alle bør ete mindre kjøtt for å redde klimaet.»
«Det er betre å ete kvitt kjøtt enn raudt kjøtt.»
«Utan kjøtt får vi ikkje dei næringsstoffa vi treng.»
«Grønsaker inneheld stort sett karbohydrat og fiber.»
«Å dyrke grønsaker er berekraftig.»
- Somme påstandar blir gjentekne så mange gonger, at dei etter kvart blir vedtekne sanningar. Har de døme på slike påstandar? Prøv å finne kjelder som støttar påstandane.
Cicero. (2019). Klimagassutslipp fra norsk mat (CICERO Report;2019:05). http://hdl.handle.net/11250/2595969
Faktisk. (2019, 2. januar). Nei, rødt kjøtt fra Breim er ikke bedre for klimaet enn avokado fra Chile. Lasta ned 18. februar 2021 frå https://www.faktisk.no/faktasjekker/je6/nei-rodt-kjott-fra-breim-er-ikke-bedre-for-klimaet-enn-avokado-fra-chile
Horne, T. (2020). Den store klimaguiden. Forlaget Press.