Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Berekraftig mat

Oppgåve

Kastar du mat?

Kastar du mat som har gått ut på dato utan å sjekke han først? Både som fagarbeidar og privatperson er det viktig å tenkje gjennom kva du kastar, og korleis du kan redusere mengda matavfall. I denne oppgåva kan du auke forståinga di for merking av mat og handtering av matrestar.

Det kan hende arbeidsplassen din har andre reglar og rutinar enn det du har heime. Det beste er å ha eit så godt system på innkjøp, oppbevaring og rutinar at det ikkje er naudsynt å kaste mat. Du skal bidra til at arbeidsstaden din utnyttar matvarene på ein god måte før dei går ut på dato, og dermed redusere matsvinnet.

Oppgåver

  1. Gå inn på nettsida til Mattilsynet om haldbarheitsmerking av matvarer og gjer deg kjent med innhaldet der. Bruk døme til å forklare forskjellen på best før og siste forbruksdag.
  2. Kva blir meint med "best før, men ofte god etter"?
    1. Kva matvarer kan du bruke etter at datostemplinga er passert?
    2. Kva kan du bruke desse matvarene til?
  3. Sjekk haldbarheitsdato på maten i eit kjøleskap anten heime eller i praksis.
    1. Noter ned produkt og datostempling.
    2. Kva for nokre av desse produkta trur du må kastast når haldbarheitsdatoen er passert?
  4. Dra i ein butikk og sjekk datostempling på ti ulike matvarer.
    1. Kva produkt har lang haldbarheitsdato?
    2. Finn du varer som har gått ut på dato? Kva varer er det, og kva gjer du med det?
    3. Kva gjer butikken for å unngå matsvinn?
  5. Kva rutinar har du når det gjeld handtering av matrestar heime hos deg?
  6. Kva rutinar er det på praksisplassen din når det gjeld handtering av matvarer

    1. på tørrvarelageret?
    2. i kjøleskapet?
    3. i frysaren?
  7. Korleis skal matavfall kastast
    1. der du bur?
    2. der du har vore i praksis?
  8. Korleis går handteringa av matavfall føre seg i kommunen din?
  9. Lag ein plan for eige kjøleskap heime når det gjeld reglar for å opne nye produkt.

    1. Kor mykje pålegg, mjølk, kjøtdeig, yoghurt og frukt er det i kjøleskapet ditt?
    2. Kva reglar ville du laga for deg sjølv eller dei du bur saman med?

Relatert innhald

Ekstern
Matvett

Nettside hos matvett.no

CC BY-SA 4.0Skrive av Hege Nikolaisen og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2020