Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Film: Noobworks banansjokk

Gameren Noobwork bur i eit kollektiv med andre gamerar. Som mange andre i Noreg kastar dei mykje mat. Sjå korleis det går når dei får hjelp til å kutte matkastinga. Diskuter kvifor vi kastar mat, og kva vi kan gjere for å kaste mindre.
Fem bananar i ulike modningsstadium, frå grøn til brun. Illustrasjon.

Før de ser filmen

Diskuter i klassen

  1. Sjå på biletet over. Korleis liker de bananane best? Kvar vil de plassere dykk sjølv på "bananskalaen"?

    Svar på spørsmålet "Korleis liker du bananane best?" og ta ei handsopprekking. Kva finn de ut? Kva betyding har resultatet i klassen for problemet med matkasting?

  2. Gjett kor mange bananar som blir kasta i gjennomsnitt kvar dag

    1. i norske butikkar
    2. i heimane våre

    Samanlikn det de gjetta med fasiten nedst på sida. Korleis gjekk det? Gjetta de meir eller mindre enn det som var rett? Kva tenkjer de om at det blir kasta så mange bananar?

  3. Kaster de mat heime? Kva slags type mat kastar de mest av?
  4. Kvifor kastar vi så mykje mat, trur de?

Etter at de har sett filmen

  1. Kvifor blir det kasta så mange bananar?
  2. Finn ut om det blir like kasta mykje av andre typar mat.
  3. Kvifor er det problematisk at vi kastar mat?
  4. Diskuter: Kva tiltak for å kjempe mot matkasting kjenner de til?
  5. Diskuter påstanden: "Viss maten i Noreg var dyrare, kunne vi redusert mengda mat som blir kasta".
  6. Kva er

    dumpster diving

    ?

  7. Kunne du tenkt deg å prøve

    dumpster diving

    ?

  8. Kva skjer viss "alle" byrjar med

    dumpster diving

    ?

  9. Kva trur de dei som driv med

    dumpster diving

    prøver å oppnå?

  10. Dumpster diving

    er ulovleg. Kvifor – trur de?

Kor mykje er 140 000 bananar?

Kvar dag blir det kasta 140 000 bananar i Noreg. Det er eit stort tal, men kor stort er det eigentleg?

Korleis kan de visualisere 140 000 bananar, slik at vi får eit inntrykk av kor mykje dette eigentleg er?

Diskuter moglege løysingar og gjennomfør nokre av idéane på skulen eller i lokalmiljøet.

Planlegg vidare arbeid

  • Kva kan de tenkje dykk å finne ut meir om etter å ha sett denne filmen?
  • Fekk de nokon idéar til prosjekt de kan gjennomføre på skulen eller heime? Kva skjer til dømes med skulefrukta som ikkje blir eten opp?
  • Har de idéar de vil teste ut som kan bidra til at vi kastar mindre mat?
  • Å kaste mat er berre ein del av puslespelet om berekraftig mat. Kva andre faktorar speler inn?
Så mange bananar blir kasta kvar dag!

I norske butikkar: 40 000 bananar
I norske heimar: 100 000 bananar

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021