Hopp til innhald
Forsøk

Sertifisering i bruk av lysmikroskop

Med eit lysmikroskop kan vi utforske ei verd vi ikkje kan sjå med berre auga. Bli kjend med oppbygginga til eit lysmikroskop, øv på å bruke det, og vurder ferdigheitene til kvarandre.

Om lysmikroskopet

Viss vi lærer oss å bruke lysmikroskopet, får vi høve til å utforske det vi ikkje kan sjå med berre auga, slik som mikroorganismar, krystallstrukturar og celler frå plantar og dyr.

Å kunne bruke eit lysmikroskop er ei veldig nyttig ferdigheit som du får bruk for når du jobbar med realfag på skulen og seinare i jobb. Det kan vere vanskeleg i byrjinga, men med litt trening vil du kunne bruke lysmikroskopet effektivt for å utforske og analysere dei prøvane du ønsker.

Til læraren

Sertifisering ved kvarandrevurdering

Sertifisering ved kvarandrevurdering er ein effektiv måte å både vurdere og lære praktiske ferdigheiter og dessutan inkludere elevar i vurderingsarbeidet.

Visste du at kvarandrevurdering er ein viktig naturvitskapleg praksis? I forsking blir både forskingsidéar og forskingsarbeid kvalitetssikra gjennom kvarandrevurdering (fagfellevurdering).

Les meir om fagfellevurdering på nettsidene til Berkeley universitet.

Gongen i sertifiseringa

Etter ei generell innføring der elevane blir kjende med det dei skal sertifiserast i, gjennomfører elevane ein ferdigheitsstige med eit valt tal trinn. Kvart trinn i denne stigen består av følgande element:

  1. To og to øver saman og demonstrerer for kvarandre mens dei følger ei sjekkliste.

  2. Når begge kjenner seg trygge på gjennomføringa, ber dei om å bli sertifiserte av ein annan som allereie er sertifisert på dette ferdigheitsnivået (for dei første elevane vil det vere ein lærar).

  3. Viss eleven viser gode nok ferdigheiter, blir hen sertifisert og kan dermed vere med på å sertifisere andre.

  4. Når dei fleste er sertifiserte på første trinn, begynner dei å øve på neste.

Sertifiseringsprosessen er ein kjedereaksjon som blir starta ved at ein undervisar sertifiserer dei første elevane. Ingen får begynne på neste trinn før dei fleste er sertifiserte og det framleis er mogleg å halde elevane i aktivitet som sertifisørar.

Det er viktig å setje av nok tid til praktisk øving. Hugs at fokus skal vere på praktiske ferdigheiter og kopling mellom kunnskap og praktiske ferdigheiter. Unngå reine kunnskapsspørsmål.

Forslag til reglar

  • Det er ikkje lov å sertifisere øvingspartnar.

  • Dei som ikkje får godkjent gjennomføringa, må vente fem minutt før dei får prøve igjen.

  • Vurder å la dei som er sertifiserte, bere eit merke som synleg bevis på at dei er godkjende og dermed kan bidra med å sertifisere andre. Bruk til dømes post-it-lappar, farga armband eller liknande. Det gjer det enklare å vite kven som er klare til å sertifisere andre. Ulike fargar kan symbolisere kva nivå i sertifiseringa ein er på.

  • Ein får ikkje delt ut materiale til neste trinn før det ikkje er fleire jobbar som sertifisør på førre trinn.

La elevane bruke det dei har lært

Etter at elevane har blitt sertifiserte, er det viktig at dei får bruke ferdigheitene sine på ei praktisk oppgåve. Då ser dei lettare nytten av sertifiseringa, samtidig som ferdigheitene vil sitje betre når dei får brukt dei.

Sertifisering som undervegsvurdering

Sertifisering er ein fin måte å gjennomføre undervegsvurdering på. Sjekklistene gjer at det blir veldig tydeleg kva som er forventa av elevane, og det er lett for læraren å gjennomføre den praktiske vurderinga.

Trinn 1. Oppbygging

Film om oppbygginga av mikroskopet (4:24)

I denne filmen får du ein gjennomgang av dei ulike delane av eit mikroskop og kva funksjon dei har. Sjå filmen først, og øv på eit mikroskop etterpå.

Video: Universitet i Oslo / Avgrensa bruksrett

Øv sjølv

I denne delen skal du øve på kva dei ulike mikroskopdelane heiter, og kva funksjon dei har.

  • For å bli sertifisert må du kunne vise kvar dei ulike delane på mikroskopet er, og forklare kort kva dei gjer / kva vi må passe på når vi bruker dei. Bruk sjekklista under "Bli sertifisert" lenger ned når du øver, og øv til du kjenner deg klar til å vise kva du kan.

  • Jobb gjerne saman med ein annan. Vis og forklar for kvarandre. De kan til dømes skrive namna på alle delane på små post-it-lappar og plassere dei på rett stad.

  • Du kan òg førebu deg ved å bruke dei interaktive øvingsoppgåvene under.

Øvingsoppgåver

Delane på mikroskopet

Delane på mikroskopet – dra og slepp

Funksjonen til mikroskopdelane

Bli sertifisert

Når du klar til å vise kva du kan om dei ulike mikroskopdelane og korleis dei fungerer, kan du be ein som allereie er sertifisert på dette nivået, om å sertifisere deg.

Viss gjennomføringa blir godkjend, fyller de ut eit sertifikat. Sertifikatet kan lagrast i di eiga "sertifiseringsmappe" og eventuelt bli skrive ut og delt med læraren din.

Trinn 2. Handtering, sitjestilling og innstilling av okular

Film om handtering, sitjestilling og innstilling av okular (2:52)

I denne filmen får du ein trinn-for-trinn-gjennomgang av korleis du gjer mikroskopet klart til bruk. Sjå filmen først, og øv på eit mikroskop etterpå.

Video: Universitetet i Oslo / Avgrensa bruksrett

Øv sjølv

  • Du får delt ut eit ferdig preparat. I denne delen skal du gjere mikroskopet klart til bruk, heilt frå du hentar det fram, har preparatet klart til mikroskopering og til du har sett mikroskopet tilbake der det stod.

  • Jobb saman med ein annan. Vis og forklar for kvarandre.

  • Bruk sjekklista under "Bli sertifisert" lenger ned når du øver, og øv til du kjenner deg klar til å vise kva du kan.

Viktig!

Start alltid med objektbordet i lågaste stilling. Når du plasserer eit objektglas med eit preparat i haldaren, skal det vere god klaring opp til objektivet! Hugs at dette er eit dyrt instrument, og at vi ikkje ønsker smuss eller ripar på objektiva.

Bli sertifisert

Når du klar til å vise korleis du gjer mikroskopet klart til bruk, kan du be ein som allereie er sertifisert på dette nivået, om å sertifisere deg.

Viss gjennomføringa blir godkjend, fyller de ut eit sertifikat. Sertifikatet kan lagrast i di eiga "sertifiseringsmappe" og eventuelt bli skrive ut og delt med læraren din.

Trinn 3. Fokusering av preparat

Film om fokusering av preparat (3:30)

I denne filmen får du ein trinn for trinn-gjennomgang av korleis du bruker mikroskopet når du skal studere eit preparat. Sjå filmen først, og øv på eit mikroskop etterpå.

Video: Universitetet i Oslo / Avgrensa bruksrett

Øv sjølv

I denne delen skal du øve på å studere eit preparat.

  • Bruk eit ferdig preparat.

  • Jobb saman med ein annan. Vis og forklar for kvarandre.

  • Bruk sjekklista under "Bli sertifisert" under når du øver, og øv til du kjenner deg klar til å vise kva du kan.

Bli sertifisert

Når du er klar til å vise kva du kan om å bruke eit mikroskop til å undersøke eit preparat, kan du be ein som allereie er sertifisert på dette nivået, om å sertifisere deg.

Viss gjennomføringa blir godkjend, fyller de ut eit sertifikat. Sertifikatet kan lagrast i di eiga "sertifiseringsmappe" og eventuelt bli skrive ut og delt med læraren din.

Bruk det du har lært

No er du ferdig sertifisert. Gratulerer! For å halde ferdigheitene ved like og for å bli betre er det viktig å trene. Her finn du praktiske oppgåver der du får bruk for mikroskopferdigheitene dine:

Kjelder

Eidesen, P. B., Bjune, A. E., & Lang, S. I. (2023). "Show me how to use a microscope" – The development and evaluation of certification as direct assessment of practical lab skills. Ecology and Evolution, 13, e10592. https://doi.org/10.1002/ece3.10592

Holtebekk, T. (2022, 17. november). Mikroskop. I Store norske leksikon. https://snl.no/mikroskop

Aarnes, H. (2023, 7. februar). Lysmikroskop. I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/anatomi/mikrosko.html#Lysmikroskop