Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeid i laboratoriet

Naturvitskapen byggjer på eksperiment og observasjonar, så praktisk erfaring med arbeidsmåtar er ein sentral del av naturfaget. Eksperimenta gir næring til tanken og opnar for refleksjon. Dermed blir det lettare å byggje kunnskap og forståing både åleine og saman medelevar.
Tapping av raud væske frå tynt røyr til kolbe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksperiment er ein viktig del av naturfaget

Dei praktiske erfaringane som du får gjennom forsøka i naturfagundervisninga, gjer naturfaget meir aktuelt, spennande og interessant. Nokon kjenner nysgjerrigheita krible når dei kjem inn i eit laboratorium, medan andre synest det er litt skummelt. Når du blir kjend med utstyret og veit korleis det skal behandlast, blir eksperimenta både tryggare, enklare og meir givande.

Sitat frå læreplanen i naturfag:

«Elevene skal oppleve naturfag som et praktisk og utforskende fag. Elevene skal gjennom opplevelse, undring, utforskning og erfaring forstå verden omkring seg i et naturvitenskapelig perspektiv. Ved å arbeide praktisk og ved å lage egne modeller for å løse faglige utfordringer, kan elevene utvikle skaperglede, evne til nytenking og forståelse av naturfaglig teori.» (Udir, 2019)

Arbeid i laboratoriet gir gode moglegheiter for å

  • jobbe praktisk og utforskande
  • løyse faglege utfordringar
  • bruke teorien i praksis
  • få opplevingar som skaper undring og refleksjon
  • drøfte, reflektere og vurdere metodar, feilkjelder og hypotesar

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2019). Kjerneelement. Henta frå https://www.udir.no/lk20/nat01-04/om-faget/kjerneelementer

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2019

Læringsressursar

Utforsking, risiko og rapport