Hopp til innhald
Eigenvurdering

Sertifisering i bruk av gassbrennar

Bli kjend med oppbygginga til ein gassbrennar, øv på å bruke han, og bli sertifisert gassbrennarbrukar!

Til læraren. Om sertifiseringsmetodikken

Sertifisering ved kvarandrevurdering

Sertifisering er ein effektiv måte å fremme kvarandrevurdering på og på den måten inkludere elevar i vurderingsarbeidet. I tillegg er kvarandrevurdering ein viktig naturvitskapleg praksis. I forsking blir både forskingsidéar og forskingsarbeid kvalitetssikra gjennom kvarandrevurdering (fagfellevurdering).

Forskarar er avhengige av å søke pengar til forskingsprosjekt. Dei som vurderer kven som skal få pengar, er fagfellar. Etter at eit prosjekt er gjennomført og ein vil dele funna med andre, må ein igjen gjennom ein runde med fagfellevurdering.

Les meir om fagfellevurdering på nettsidene til Berkeley universitet.

Gongen i sertifiseringa

Etter ei generell innføring der elevane blir kjende med det dei skal sertifiserast i, gjennomfører elevane ein ferdigheitsstige med eit valt tal trinn. Kvart trinn i denne stigen består av følgande element:

  1. To og to øver saman og demonstrerer for kvarandre mens dei følger ei sjekkliste.

  2. Når begge kjenner seg trygge på gjennomføringa, ber dei om å bli sertifiserte av ein annan som allereie er sertifisert på dette ferdigheitsnivået (for dei første elevane vil det vere ein lærar).

  3. Viss eleven viser gode nok ferdigheiter, blir hen sertifisert og kan dermed vere med å sertifisere andre.

  4. Når dei fleste er sertifiserte på første trinn, begynner dei å øve på neste.

Sertifiseringsprosessen er ein kjedereaksjon som blir starta ved at ein undervisar sertifiserer dei første elevane. Ingen får begynne på neste trinn før dei fleste er sertifiserte og det framleis er mogleg å halde folk i aktivitet som sertifisørar.

Det er viktig å setje av nok tid til praktisk øving.

Forslag til reglar

  • Det er ikkje lov å sertifisere øvingspartnar.

  • Dei som ikkje får godkjent gjennomføringa, må vente fem minutt før dei får prøve igjen.

  • Vurder å la dei som er sertifiserte, få bere eit merke som synleg bevis på at dei er godkjende og dermed kan bidra med å sertifisere andre. Bruk til dømes post-it-lappar. Ulike fargar kan symbolisere kva nivå i sertifiseringa ein er på.

Om gassbrennaren

Når vi snakkar om gassbrennaren på skulelaben, meiner vi vanlegvis både gassbehaldar og sjølve brennaren. Når gassbehaldaren er tom, kan vi skru av brennaren og setje på ein full gassbehaldar. Gassen er ei blanding av butan og propan. Denne gassblandinga er både fargelaus og luktfri, men ho blir tilsett eit stoff som gir lukt slik at vi lettare kan oppdage ein gasslekkasje.

Bli kjend med gassbrennaren

Sjå filmen under (2:24) og legg merke til

  • kva dei ulike delane på gassbrennaren heiter

  • kva funksjon dei ulike delane på gassbrennaren har

  • viktige sikkerheitstiltak

Etter å ha sett filmen skal du jobbe med praktiske øvingar.

Trinn-for-trinn-forklaring av korleis vi tenner på ein gassbrennar. Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Praktisk øving

Delane av ein gassbrennar

Bli kjend med dei ulike delane av gassbrennaren. Vis og forklar for kvarandre.

Gassbehaldaren
inneheld ei blanding av butan og propan under høgt trykk. Det gjer at butan og propan er i væskeform. Idet vi opnar gassventilen, blir trykket senka, og innhaldet går frå væskeform til gassform.
Gassventilen
bruker vi for å regulere mengda gass som kjem inn i brennarhovudet. Vri skruen mot minusteiknet for å redusere mengda og for å skru av gassbrennaren. Vri skruen mot plussteiknet for å auke gassmengda.
Luftventilen
bruker vi for å regulere tilgangen på luft (og dermed oksygen). Mykje luft gir fullstendig forbrenning og ein blåleg flamme som ikkje sotar.
Lufttilførsel
skjer gjennom ei opning. Vi forandrar storleiken på denne opninga ved å skru på luftventilen.
Brennarhovudet
er den delen der vi set fyr på gassen.

Øv på å tenne på ein gassbrennar

Her er viktige moment når du skal bruke ein gassbrennar. Øv på å følge desse punkta under tilsyn av lærar.

  1. Sørg for at pulten er ryddig, set opp langt hår, og unngå lause klede. Bruk vernebriller og labfrakk.

  2. Hald i gassbehaldaren når du flyttar på gassbrennaren. Etter at du har tent på gassbrennaren, bør du ikkje flytte på han.

  3. Plasser gassbrennaren på ei flat og varmebestandig overflate.

  4. Juster lufttilførselen ved å vri på luftventilen slik at holet er litt opent.

  5. Tenn ei fyrstikke og hald flammen over brennarhovudet. Opne gassventilen slik at fyrstikkflammen set fyr på gassen. Sløkk fyrstikka når gassbrennaren er tend.

  6. Jo meir luft, jo varmare er flammen. Vri luftventilen for å justere temperaturen til flammen. Når lufttilførselen er rett, er forbrenninga fullstendig og flammen blå. Ver merksam på at den blå flammen kan vere vanskeleg å sjå.

  7. Meir gass vil skape ein større flamme, og mindre gass gir ein mindre flamme. Juster gassventilen til du har justert flammen til rett storleik for oppgåva di.

  8. La aldri ein tend gassbrennar stå utan tilsyn, og skru alltid av brennaren når han ikkje er i bruk.

  9. Skru av gassbrennaren ved å stenge gassventilen heilt.

  10. Sjekk med ei brennande fyrstikke at det ikkje kjem ut noko gass som kan ta fyr.

  11. Brennarhovudet er varmt ei stund etter at gassbrennaren har vore brukt. Vent til det er avkjølt før du ryddar bort gassbrennaren.

Test deg sjølv. Interaktive øvingsoppgåver

Desse oppgåvene kan du bruke for å øve på omgrep og verkemåte hos gassbrennaren.

Delane på ein gassbrennar

Flytt namna til rett stad på gassbrennaren.

Påstander om bruk av gassbrennarar

Vel dei påstandane som er rette.

Rekkefølge når du skal tenne på ein gassbrennar

Flytt setningane og set dei i rett rekkefølge slik at du får rett framgangsmåte for å tenne på ein gassbrennar. Set det første trinnet øvst.

Bli sertifisert

Når du klar til å vise kva du kan om å bruke gassbrennaren, kan du be ein som allereie er sertifisert, om å sertifisere deg. Start gjennomføringa med å hente ein gassbrennar.

  • Den som sertifiserer, følger med på at du får med deg alle punkta i sjekklista i sertifikatet.

  • Etter at du har gjennomført, får du ei tilbakemelding om gjennomføringa.

  • Viss gjennomføringa blir godkjend, fyller de ut eit sertifikat. Sertifikatet kan lagrast i di eiga "sertifiseringsmappe" og eventuelt bli skrive ut og delt med læraren din.

Filer

Kjelder

Eidesen, P. B., Bjune, A. E., & Lang, S. I. (2023). "Show me how to use a microscope" – The development and evaluation of certification as direct assessment of practical lab skills. Ecology and Evolution, 13, e10592. https://doi.org/10.1002/ece3.10592

Online Resources for Chemical Safety in Science Education. (2022, 15. desember). Sjekklister og verktøy. https://chesse.org/no/sjekklister-og-verktoy/

Denne sida er ein omarbeidd versjon av Mal: Instruksjon for bruk av gassbrenner (docx).