- Ta utgangspunkt i regelsetningane ovanfor. Notér minst eitt eksempel til kvar av dei 20 regelsetningane.
- Jobb i par. Samanlikn eksempla dykkar og sjekk at dei er i samsvar med reglane.
- Byt partnar. Forklar reglane til ein medelev ved hjelp av eksempla dine.
Regelsetningar
- Laust samansette verb består av ei forstaving (= eit prefiks) og eit verb.
- I laust samansette verb ligg trykket alltid på prefikset, aldri på sjølve verbet.
- Infinitiv av laust samansette verb skriv vi alltid som eitt ord i tysk.
- Dersom infinitivsmerket zu er med, står det mellom prefikset og verbet.
- I forteljande setningar og spørsmål skriv vi laust samansette verb som to ord, og prefikset står heilt til slutt.
- Viss ei forteljande setning eller eit spørsmål inneheld eit modalt hjelpeverb, står det laust samansette verbet i infinitiv og heilt sist i setninga.
- I leddsetningar skriv vi laust samansette verb som eitt ord, og verbet står heilt til slutt.
- Dersom leddsetninga òg inneheld eit modalt hjelpeverb, er det hjelpeverbet som står heilt til slutt.
- Imperativforma av laust samansette verb blir alltid skriven som to ord, og prefikset står heilt til slutt.
- Perfektum partisipp av laust samansette verb skriv vi som eitt ord. Partisipp-markøren ge- står mellom verbprefikset og verbet.
- I forteljande setningar eller spørjesetningar i presens perfektum står perfektum partisipp av det samansette verbet heilt til slutt.
I leddsetningar i presens perfektum er det tidshjelpeverbet (haben/sein) som står heilt sist.