Hopp til innhald
Øving

Presens perfektum

Perfektum partisipp av laust samansette verb skriv vi som eitt ord: aufgemacht, eingekauft osv. Øv på presens perfektum av laust samansette verb.

Laust samansette verb i presens perfektum

Perfektum partisipp av laust samansette verb skriv vi som eitt ord. Prefikset ge- blir plassert mellom verbprefiks og verb:

  • Er hat mich angerufen. Han har ringt meg.

  • Ist er mitgekommen? Har han blitt med?

I forteljande setningar og spørjesetningar står perfektum partisipp sist i setninga. I leddsetningar derimot må det bøygde verbet stå sist. Perfektum partisipp er ubøygd, det er hjelpeverbet som er bøygd. Derfor står hjelpeverbet sist i leddsetninga:

  • Mama fragt, ob Oscar auch mitgekommen ist. Mama spør om Oscar også har blitt med.

  • Es ist kalt, weil sie das Fenster aufgemacht hat. Det er kaldt fordi ho har opna vindauget.

Øving 1: Uttale og betyding

Desse perfektum partisipp-formene møter du i øvingane på denne sida. Les dei høgt og legg trykket på forstavingane. Omsett dei til norsk.

  • angefangen

  • angerufen

  • aufgemacht

  • aufgestanden

  • aufgewacht

  • ausgepackt

  • eingeschlafen

  • losgegangen

  • mitgebracht

  • mitgekommen

  • mitgemacht

  • mitgenommen

  • zurückgekommen (trykk på "rück")

Omsetting
angefangen
(har) begynt
angerufen
(har) ringt
aufgemacht
(har) opna
aufgestanden
(har) stått opp
aufgewacht
(har) vakna
ausgepackt
(har) pakka ut
eingeschlafen
(har) sovna
losgegangen
(har) dratt av garde
mitgebracht
(har) hatt/bringa med seg
mitgekommen
(har) blitt med
mitgemacht
(har) deltatt, vore med på
mitgenommen
(har) tatt med seg
zurückgekommen
(har) komme tilbake

Øving 2: Lag forteljande setningar i presens perfektum

Hugs at prefikset skal stå sist i setninga. Bruk i-knappane viss du treng hjelp til å bøye dei sterke verba rett.

Øving 3: Lag leddsetningar i presens perfektum

Hugs at verbalet kjem sist i leddsetninga: nest sist står perfektum partisipp, og aller sist står hjelpeverbet.

Øving 4: Munnleg trening

Øv på presens perfektum av laust og fast samansette verb. Hugs at fast samansette verb ikkje får ge- i perfektum partisipp.

Fast samansette verb
  • Fast samansette verb skriv vi alltid som eitt ord.
  • Fast samansette verb begynner på eitt av desse prefiksa: be-, er-, ge-, ver-, zer-, ent-, emp-, wider-
  • Perfektum partisipp av dei fast samansette verba dannar vi utan ge-: bezahlt, erzählt, verloren, zerrissen osv.

CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2020