Hopp til innhald
Øving

Dativpreposisjonar

Tysk har nokre preposisjonar som alltid styrer dativ. Med det meiner vi at substantivet eller pronomenet som står etter preposisjonen, får dativform. Dativpreposisjonane i tysk er aus, bei, mit, nach, seit, von og zu.

Preposisjonane som styrer dativ

aus

frå, av, ut av

Er kommt aus der Schweiz. Die Tasche ist aus Leder. Oma steigt aus dem Bus.

Han kjem frå Sveits. Veska er (laga) av skinn. Besta går av bussen.

bei

hos, ved

Er arbeitet bei einer Firma in Berlin. Sie ist beim (bei dem) Arzt.

Han jobbar i/hos ei bedrift i Berlin. Ho er hos legen.

mit

med

Ich fahre mit dem Bus. Sing mit uns!

Eg tek bussen. (Ordrett: Eg køyrer med bussen.) Syng med oss!

nach

etter

Nach der Arbeit ging er nach Hause.

Etter jobben gjekk han heim.

seit

sidan

Er wohnt seit einem Jahr hier.

Han har budd her i eitt år. (Ordrett: sidan eitt år)

von

frå, av

Das ist ein Foto von mir. Sie ist vom Baum runtergefallen.

Dette er eit foto av meg. Ho har falle ned frå treet.

zu

til

Wir radeln zur (zu der) Schule. Ich muss noch zum (zu dem) Bäcker.
Wann kommst du zu mir?

Vi syklar til skulen. Eg må til bakaren. Når kjem du til meg?

Legg merke til formene beim (= bei dem), vom (= von dem), zum (= zu dem) og zur (= zu der). Det er desse samandratte formene ein vanlegvis bruker.

Øving 1: Repeter dativ

Dativformene

Dativformene må du berre pugge og repetere. Og så må du bruke dei jamleg, for da vil du etter kvart hugse dei.

Bestemt artikkel i dativ

  • (der Mann) – dem Mann

  • (die Frau) – der Frau

  • (das Kind) – dem Kind

  • (die Kinder) – den Kindern

Ubestemt artikkel i dativ

  • ein Schüler – einem Schüler

  • eine Schülerin – einer Schülerin

  • ein Kindergartenkind – einem Kindergartenkind

Personleg pronomen i dativ

  • ich – mir

  • du – dir

  • er – ihm

  • sie – ihr

  • es – ihm

  • wir – uns

  • ihr – euch

  • sie, Sie – ihnen, Ihnen

Spørjepronomen i dativ

  • wer – wem

Øving 2: Vel rett preposisjon

Øving 3: Dativ

Øving 4: Dativform av eiendomsord og pronomen

CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik, Marion Federl og Katrin Konradt.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2020