Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Akkusativpreposisjonar

Det er fem tyske preposisjonar som alltid styrer akkusativ: durch, für, gegen, ohne og um. Øv på dei, og repeter akkusativformene i same slengen.

Oversikt over preposisjonane som styrer akkusativ

akkusativpreposisjonar

Preposisjon

Norsk omsetjing

Dømesetning

durch

gjennom

Die Kinder laufen durch den Raum.

für

til, for

Das Geschenk ist für einen Freund.

gegen

mot

Er spielt gegen seinen Bruder.

ohne

utan

Ich fahre ohne meinen Freund.

um

rundt, om, omkring

Wir radeln um den Bodensee.

Øving 1: Repeter akkusativformene

Tips: akkusativforma

Bestemt og ubestemt artikkel og eigedomsord

  • Når artiklar eller eigedomsord står saman med eit hankjønnsord i eintalsform, får dei endinga -(e)n i akkusativ: den Hund, einen Computer, meinen Bruder, unseren Freund osb.

  • Elles er akkusativforma er lik nominativforma (= lik subjektforma): die Tante, ein Fahrrad, meine Bücher osb.

Pronomen (personleg pronomen, spørjepronomen)

  • Desse formene må du pugge. Akkusativformene er stort sett forskjellige frå nominativformene: wir – uns, wer – wen osb.

Øving 2: Kva preposisjon passar?

Fyll inn rett preposisjon og les heile setninga høgt. Omsett deretter setninga til norsk.

  1. Anna kletterte ... das Fenster.

  2. Morgen spielen wir ... den FC Dornbirn.

  3. Er ging ... das Haus herum.

  4. ... meine Freunde macht das Ausgehen keinen Spaß.

  5. Ich habe eine Überraschung ... dich!

  6. Die Bäckerei ist gleich ... die Ecke.

  7. Hast du was ... mich?

Løysingsforslag
  1. Anna kletterte durch das Fenster. Anna klatra gjennom vindauget.

  2. Morgen spielen wir gegen den FC Dornbirn. I morgon speler vi mot FC Dornbirn.

  3. Er ging um das Haus herum. Han gjekk rundt (heile) huset.

  4. Ohne meine Freunde macht das Ausgehen keinen Spaß. Utan vennene mine er det ikkje noko gøy å gå ut.

  5. Ich habe eine Überraschung für dich! Eg har ei overrasking til deg!

  6. Die Bäckerei ist gleich um die Ecke. Bakeriet er rett rundt hjørnet.

  7. Hast du was für mich? Eller: Hast du was gegen mich? Har du noko til/for meg? Har du noko imot meg?

Øving 3: Akkusativ

Øving 4: Kva preposisjon?

Øving 5: Mengdetrening med akkusativpreposisjonar

Jobb gjerne i par!

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik, Katrin Konradt og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2020

Læringsressursar

Preposisjonar