Hopp til innhald
Rettleiing

Lærarrettleiing

Oversikt over undervisningsopplegget til filmen Das schweigende Klassenzimmer.

Undervisningsopplegget

  • Vi har laga forslag til oppgåver og aktivitetar rundt filmen Das schweigende Klassenzimmer (norsk tittel: Et minutts stillhet). Opplegget passar best for elevar som tek tysk 2.

  • Estimert tidsbruk for heile opplegget er omtrent 8 økter à 90 minutt. Opplegget kan fylle fire veker med undervisning i faget, eller éin fagdag pluss forarbeid og etterarbeid.

Fem artiklar og oppgåvesider

  1. Das schweigende Klassenzimmer: sjølve filmen og ein fagtekst

  2. Einstieg: introduksjon til tema og film

  3. Beobachtungsaufgabe: oppgåve elevane jobbar med mens dei ser filmen

  4. Die Handlung im Film: personar, handling og politisk bakgrunn

  5. Sprechen und Schreiben: munnlege og skriftlege oppgåver

Das schweigende Klassenzimmer

Film og tekst

Her finn du sjølve filmen og ein tekst om filmen på tysk og norsk. Filmen bygger på ei sann hending, og teksten gir elevane ein introduksjon til handlinga og noko politisk og historisk bakgrunnskunnskap.

Det er lagt inn korte ordforklaringar i teksten slik at elevane kan sleppe å bruke ordbok. Her skal dei først og fremst skaffe seg informasjon og deretter gå vidare.

La elevane lese teksten kvar for seg. Be dei deretter jobbe i par og sette om teksten munnleg. Til slutt les elevane den norske teksten nedst på sida for å kontrollere at dei har forstått innhaldet.

Einstieg

Aktivitetar før elevane ser filmen

På denne sida finn du nokre forslag til oppgåver som skal førebu elevane på handling og tema i filmen. Estimert tidsbruk er 60 minutt.

1 Wie lang ist eine Minute?

Start med eit lite eksperiment: Kven klarer å gjette når eitt minutt har gått? Den som er nærast, vinn!

2 Diskussion

I etterkant diskuterer elevane eigne erfaringar og tankar rundt eit minutts stille. Elevane kan snakke norsk, og læraren kan attgi det elevane seier, på tysk.

3 Das Filmplakat

Elevane jobbar med filmplakaten i par eller små grupper. Gjer dei merksame på den ekspanderbare boksen med nyttige ord og uttrykk, og be dei ta notat undervegs. Til slutt kan de oppsummere i plenum.

4 Internettrecherche

Oppgåva gir elevane viktig bakgrunnsinformasjon som hjelper dei å forstå filmen. Del klassen i seks grupper og tildel kvar gruppe eitt av dei seks temaa. Elevane ser på temabiletet, les seg opp på temaet og førebur ein eitt minutts lyn-presentasjon på norsk.

Gruppe 1: Kven var Ferenc Puskás?

Elevane finn faktum om den ungarske fotballspelaren. Hovudpersonane i filmen får høyre at Ferenc Puskás har omkomme under demonstrasjonane i Budapest, og dette opprører dei.

Gruppe 2: Kva skjedde i Berlin den 17. juni 1953?

Elevane finn faktum om oppstanden mot kommuniststyret i DDR, som blei brutalt slått ned. Far til filmkarakteren Theo deltok i dette opprøret.

Gruppe 3: Kven eller kva var RIAS?

Elevane finn faktum om RIAS (Rundfunk im amerikanischen Sektor), ein radiokanal som var forboden i DDR, men som mange tjuvlytta til. Ungdommane i filmen høyrer RIAS i hemmelegheit hos onkel Edgar.

Gruppe 4: Kva skjedde i Budapest (Ungarn) i 1956?

Elevane finn faktum om opprøret mot den sovjetiske okkupasjonsmakta. Opprøret er bakgrunnen for at ungdommane vel å halde eit minutts stille i solidaritet med offera.

Gruppe 5: Kven eller kva var FDJ?

Elevane finn faktum om ungdomsorganisasjonen Freie Deutsche Jugend i DDR (organiseringsmåte, formål). I filmen ser vi logoen til FDJ og flagget ute i skulegarden.

Gruppe 6: Kva slags by var Stalinstadt?

Elevane finn faktum om byen der handlinga går føre seg. Byen, som i dag heiter Eisenhüttenstadt, var ein kommunistisk arbeidarby med gruvedrift og stålindustri.

Beobachtungsaufgabe

Søkelys på ein av personane

1 Steckbrief

Mens elevane ser filmen, skal dei observere ein av hovudpersonane og samle informasjon om denne personen i eit skjema. Sørg for at det er omtrent like store grupper elevar som følger dei enkelte personane.

Når filmen er ferdig, bruker elevane notata sine og modellteksten (i skjemaet) til å skrive enkle setningar om personen dei har valt. Elevar som treng større utfordringar, kan gjerne skrive litt meir enn det som står i skjemaet, og dei kan bruke fleire tekstbindarar.

Øvst på sida er det portrettbilete av nøkkelpersonar i filmen. Personane på bileta er:

  • Kurt, som er klok og modig. Faren er autoritær og kommunist, mora kjem frå ein nazi-familie. Kurt er einebarn.

  • Theo, som er impulsiv og lur. Faren jobbar og slit på stålverket. Theo har to yngre brør.

  • Lena, som er uredd og sjølvstendig. Kjærast med Theo, men blir skuffa over han. Lena bur hos bestemor si.

  • Paul, som er ærleg, beskjeden og litt usikker. Vennene høyrer vestleg radio hos onkelen hans, noko som er forbode.

  • Erik, som er alvorleg og lojal mot regimet. Bur saman med mor og stefar. Faren, som er det store forbildet hans, er død.

2 Personenbeschreibung

Elevane beskriv utsjånaden og personlegdommen til personen dei har valt. Også her blir dei oppmoda til å skrive meir enn i dømet.

Die Handlung im Film

Øvingar til personar og handling

Etter å ha sett filmen bør elevane jobbe med øvingane på denne sida slik at dei får repetert handling og viktige gloser. Då får dei eit godt grunnlag for jobbe vidare med dei litt større oppgåvene.

1 Quiz zum Film

Quizen er fin å ta i par eller i plenum. Formålet er å repetere handling og gloser slik at elevane kan fortelje om personar og hendingar.

2 Richtig oder falsch?

Her jobbar elevane to og to. Den eine les påstanden høgt på tysk, til dømes: "Lena ist in Erik verliebt." Den andre stadfestar eller avkreftar påstanden, til dømes slik: "Nein, das stimmt nicht. Lena ist nicht in Erik verliebt. Sie ist in Theo verliebt."

3 og 4 Unterschiede zwischen BRD und DDR

Livet i aust (DDR) versus livet i vest (BRD). Elevane sorterer nøkkelorda til rett stat. Til slutt kan ein ta oppgåva i plenum og snakke om livet i dei to statane.

5 Personenbeschreibungen

Denne interaktive oppgåva tek utgangspunkt i fem bilde av personar. For kvart bilde får elevane velje mellom tre personskildringar, og dei skal finne den skildringa som passer til personen. Personskildringane kan også brukast som døme når elevane seinare skal fortelje om ein person i filmen.

Ordforråd og grammatikk

Øvingar til ordforråd og grammatikk

1 Ordklasser

Del klassen i tre eller seks grupper. Kvar gruppe får tildelt ein ordklasse: substantiv, verb eller adjektiv. Gruppene skal bruke minst to ulike kjelder for å finne ut av reglane for ordklassen. Hjelp gjerne elevane med å finne gode, nivåtilpassa kjelder på nett. Kvar gruppe lagar ein plakat og presenterer funna sine for klassen.

3 Verb og tidsformer

I denne øvingsrekka jobbar elevane med å bøye verb i presens (sein, haben, werden) og i preteritum. Dei kan gjerne jobbe i par og øve seg i å bruke Verbix eller andre hjelpemiddel for å finne riktig personbøyning.

4 Antonym (ord med motsett betydning)

I denne øvinga skal elevane finne åtte antonyme omgrepspar som viser forskjellar mellom aust og vest. Elevane kan velje å jobbe med Memory-spelet eller med ei alfabetisk omgrepsliste.

Sprechen und Schreiben

Større skriftlege og munnlege oppgåver

Her kan ein velje mellom fem fordjupingsoppgåver: to munnlege, to skriftlege og ei presentasjonsoppgåve. Oppgåvene eignar seg godt til undervegsvurdering og prosessorientert arbeid.

1 Filmabend

Elevane jobbar i par. Dei set replikkane frå ein chat i rett rekkefølge, øver på dialogen og les han inn. Fokus er god uttale, flyt og intonasjon. Innlesinga kan vurderast med karakter.

2A Expertenpuzzle

Denne gruppeoppgåva bygger på "Beobachtungsaufgabe" der elevane observerte ein karakter i filmen. Her blir dei ekspertar på karakteren sin.

2B Filmfigur präsentieren

Elevane deler kunnskap og tankar om karakteren som dei har jobba med, med andre i klassen.

3 Schlüsselszenen

Elevane vel eit situasjonsbilde og utarbeider ein tekst ved hjelp av skrivestøtte. Dei kan gjerne levere eit utkast og få tilbakemelding frå lærar/medelev før dei ferdigstiller teksten.

4 Text "Mein Leben"

Elevane skriv ein tekst der dei bruker ulike verbtider. Dei får skrivestøtte og skal fokusere på verbbøying ved å bruke Verbix, ordbok og andre tillatne hjelpemiddel undervegs i skriveprosessen.

5 Podcast

Læraren deler elevane i grupper på fire. Gruppene bestemmer kva for ein podkast dei vil lage: #Jugend heute! eller #Die Filmpolizei. Dei får forslag til intro og spørsmål og til korleis dei kan seie si eiga meining.

Vurdering

Forslag til vurdering

Fleire av oppgåvene eignar seg til bruk i undervegsvurdering og/eller mappevurdering. Elevane kan også få beskjed om å førebu seg til ein fagsamtale der dei får spørsmål om filmen og skal reflektere rundt læringsprosessen. Døme på spørsmål som elevane kan førebu seg på:

  • Wie findest du den Film? Begründe deine Antwort.

  • Was passiert im Film? Erzähle!

  • Welche Filmfigur hast du dir näher angeschaut? Beschreibe sie.

  • Welche Filme oder Serien siehst du gern?

  • Kannst du mir einen guten Film empfehlen?

  • Welche Aufgabe hat dir am besten gefallen? Warum?

  • Was hast du gelernt?

  • Welche neuen Wörter kannst du jetzt?