Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ordforråd og grammatikk

Jobb med aktuelt ordforråd til filmen og repeter grunnleggande grammatikk.

1 Ordklassar

Jobb i grupper. Kvar gruppe tek for seg éin ordklasse (anten substantiv, adjektiv eller verb). Vel gjerne ein ordklasse de har særleg behov for å repetere.

Løys oppdraget dykkar, lag ein plakat om ordklassen og presenter han for klassen.

Orda de skal jobbe med, finn de i ordskya nedanfor. Dei same orda finn de også rett under ordskya. Der er dei sorterte alfabetisk.

Lyseblå sky som inneheld 32 tyske ord: unsicher, emotional, mutig, schweigen, Film, filmen, positiv, schüchtern, verzweifelt, Schüler, Radio, klug, Protest, hören, sehen, frech, denken, Verhör, sympathisch, ängstlich, Klasse, naiv, fliehen, Plakat, engagiert, Minute, Schule, hübsch, Onkel, wütend, lügen, verraten. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Substantiv, adjektiv og verb i alfabetisk rekkefølge

ängstlich, denken, emotional, engagiert, Film, filmen, fliehen, frech, hören, hübsch, Klasse, klug, lügen, Minute, mutig, naiv, Onkel, positiv, Protest, Radio, sehen, schüchtern, Schule, Schüler, schweigen, sympathisch, unsicher, Verhör, verraten, verzweifelt, wütend

Oppdrag 1: Substantiv

  1. Finn alle substantiva i ordskya eller lista.

  2. Bruk ordbok og sorter substantiva etter kjønn. Lag ein tabell og før dei opp i bestemt og ubestemt form eintal og fleirtal, til dømes slik som i tabellen nedanfor.

  3. Bruk faglege trykte eller digitale kjelder og finn ut :

  • Kva er forskjellen mellom ubestemt og bestemt form? Når bruker vi kva form? Lag døme og forklar dei.

  • Kan substantiv skifte kjønn?

  • Kva står forkortingane m, f og n i tabellen for?

  • Finn nokre hjelpereglar som gjer det lettare å bestemme kjønnet på ein del substantiv.

Dømetabell Substantiv

Kjønn

Bestemt form eintal

Ubestemt form eintal

Bestemt form fleirtal

Ubestemt form fleirtal

mder Protestein Protestdie ProtesteProteste
fdie ...eine ...
ndas...

Oppdrag 2: Verb

  1. Finn alle verba i ordskya eller i lista.

  2. Bruk faglege kjelder (øvingsgrammatikken på NDLA: Verb, grammatikken i eit læreverk eller på internett) og finn ut :

  • Kva kallar vi grunnforma av verbet?

  • Tyske verb blir bøygde i person, tal og tid. Forklar kva som er meint med det. Bruk døme.

  • Vi kan dele inn tyske (og norske) verb i to hovudgrupper etter måten dei blir bøygde på.

    • Kva heiter desse to hovudgruppene?

    • Kva er karakteristisk for måten dei dannar preteritum og presens perfektum på?

    • Plasser kvart verb frå ordskya eller ordlista innanfor ei av desse to gruppene.

  1. Bruk Verbix eller grammatikken i eit læreverk. Bruk verba de fann, og nøter følgande verbformer: infinitiv, tredje person eintal presens, tredje person eintal preteritum, tredje person eintal presens perfektum. Sett gjerne opp formene i ein tabell.

Dømetabell verb

Infinitiv

Presens

Preteritum

Presens perfektum

Norsk

schweigenschweigtschwieghat geschwiegenå teie

Oppdrag 3: Adjektiv

  1. Finn alle adjektiva i ordskya og slå opp kva dei betyr.

  2. Adjektiv kan gradbøyast, t.d. nett – netter – am nettesten. Det finst faguttrykk for desse tre formene. Kva heiter dei? Forklar også kva grad desse formene uttrykker.

  3. Gradbøy adjektiva i ordskya. Lag til slutt tre setningar der de bruker adjektiv og samanliknar personar frå filmen.

  4. Bruk faglege kjelder (til dømes minigrammatikken i læreverket, NDLA: Adjektivbøyning 1 eller andre nettkjelder) og finn ut : Når bøyer vi adjektiv i tysk, og når gjer vi ikkje det? Døma nedanfor kan sette dykk på sporet.

  • Eleven er snill. Der Schüler / die Schülerin ist nett.

  • Barnet er snilt. Das Kind ist nett.

  • Elevane er snille. Die Schüler sind nett.

  • Den snille naboen hjelper meg. Der nette Nachbar hilft mir.

  • Ho har ein snill bror. Sie hat einen netten Bruder.

  • Du har snille foreldre. Du hast nette Eltern.

Adjektiv

Person

norsk

positiv

komparativ

superlativ

Edgar ist...gammalaltälteram ältesten
Kurt ist...snillnettnetteram nettesten
Theo ist...
Lena ist...
Paul ist...
Erik ist...

2 Verb og tidsformer

3 Antonym (motsetningspar)

Antonym er omgrep som utgjer motsetningar, til dømes kort – lang. De skal no jobbe med temagloser som er antonym. Spel Memory-spelet, eller bruk lista nedanfor og finn motsetningspara.

Alfabetisk liste over antonym
  • der Aufschwung

  • die Demokratie

  • die Diktatur

  • Freie Wahlen

  • die Freiheit

  • der Kapitalismus

  • der Kommunismus

  • die Marktwirtschaft

  • das Misstrauen

  • die Planwirtschaft

  • die Pressefreiheit

  • die Rezession

  • Scheinwahlen

  • die Überwachung

  • das Vertrauen

  • die Zensur

CC BY-SASkrive av Julia Kleven.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2023

Læringsressursar

Das schweigende Klassenzimmer