Hopp til innhald

Fagstoff

Sopp, algar og eincella organismar

I tillegg til bakteriar og virus høyrer òg sopp, algar og eincella organismar med til mikroorganismane. Algar er plantar, eincella organismar er dyr, og sopp er noko midt imellom.

Kollasj med bilete av ulike typar sopp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sopp – trekk frå både planter og dyr

Når du høyrer ordet «sopp», tenkjer du kanskje på flugesopp eller kantarell? Sjølve soppen består av tusenvis av trådar (hyfar) nede i jorda. Fluesoppen og kantarellen er formeiringsorganet til det som er sjølve soppen. Denne delen av soppen kallar vi fruktlekamen. Hos muggsoppar ser ein sopphyfane lettare, og her er fruktlekamen mindre framståande enn hos dei soppane vi et.

Nokre fellestrekk hos sopp og planter er at dei formeirar seg med sporar, og at dei er urørlege. Soppane har òg celleveggar, men dei består av kitin og ikkje av cellulose som hos plantene. Soppane er plasserte i eit eige rike (soppriket), sidan dei manglar klorofyll og ikkje kan «lage» si eiga næring.

Kvite trådar i brun jord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sidan sopp ikkje kan drive fotosyntese, må dei ta opp organiske sambindingar frå andre organismar. Mange av soppane skaffar seg næring frå nedbryting av døde planter eller ved å leve i symbiose med andre organismar. Fordøyinga føregår på utsida av kroppen, og dei tek opp næringa gjennom den ytre overflata.

Både sopp og dyr har glykogen og feitt som opplagsnæring, og aldri stivelse som hos plantene.

Algar

Nærbilete av flagelat. Foto.

Algar er organismar med fotosyntese, og dei lever i hovudsak i vatn. Dei kan bestå av éi eller fleire celler. Dei eincella algane kallar vi gjerne planteplankton.

Blågrønbakteriar (som trass i namnet er algar) kan produsere giftstoff som gjer vatnet dei er i, giftig. Det er òg algar som gjer blåskjel giftige under spesielle forhold.

Eincella dyr – protozoar

Protozoar er dyr som består av berre éi celle. Dei har cellekjerne, men manglar nervesystem og organ for å frakte næring og avfallsstoff. Dei lever som regel som parasittar på andre organismar. Nokre typar protozoar er:

  • sporedyr (plasmodiumarter gir malaria, og Toxoplasma gondii gir toksoplasmose)
  • flagellatar (giardia)
  • amøbar
Mikroskopbilete av ein parasitt med trådar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Gulden, G., Eckblad, F. og Høiland, K. Sopp. (2017, 11. desember). Henta 18. mai 2020 frå https://snl.no/sopp

Mattilsynet. (2013, 30. mai). Algegifter (algetoksin). Henta 18. mai 2020 frå https://www.mattilsynet.no/mat_og_vann/uonskede_stofferimaten/biologiske_gifter/algegifter/algegifter_algetoksiner.5690

Tønjum, Tone. (2019, 1. juni). Protozoar. Henta 18. mai 2020 frå https://sml.snl.no/protozoer

CC BY-SASkrive av Ragnhild Baglo og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2020

Læringsressursar

Mikroorganismar